Kor grøn kan ho bli? Bruk av metan-hemmarar er i beste fall symbolpolitikk, meiner Bjørn Lende. Illustrasjon: Istock / Bondevennen
LESARBREV:
Bovaer-bløffen
Me treng leiarar i organisasjonane våre og i samvirka som evnar å gjennomskoda narrativet om metanhemmarar.
Bjørn Lende, lærar og bonde
Denne teksten er ei ytring, og gir uttrykk for skribentens personlege haldningar.
Sjølv om FN sine berekraftsmål famnar breitt, er det særleg trykk på å redusera utslepp av klimagassar. Dette er bakgrunnen for at Bondelaget og Norsk Bonde- og Småbrukarlag i 2019 signerte ein avtale med staten om å kutta (eller auke karbonbindinga) tilsvarande fem millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2030.
Det er verdt å merka seg at avtalen ikkje er juridisk bindande, men ein intensjon om at ein i fellesskap skal nå målet. Frå landbruket si side har argumentet vore at alternativet med innføring av avgift på bruk av fossil energi, eller på raudt kjøt, vil vera ei katastrofe næringa.
Sjølv om det i forkant av avtalen vart utarbeidd ein rapport om moglege kuttområde, vart det ikkje lagt fram nokon realistisk plan for korleis ein skulle nå målet. Dette er ikkje eineståande for landbruket. For dei fleste bransjar synast det å vera enklare å setja ambisiøse kuttmål, enn å setja i verk tiltak med faktisk effekt.
Endå verre er det at presset på å gjera noko er så stort at ein set i verk tiltak som ein ikkje anar konsekvensane av.
Veit me kva me gjer?
Det er det jordbruket også gjer, når ein i sist jordbruksavtale har tatt sikte på at det frå 2027 skal vera eit vilkår for å få produksjonstilskot at mjølkeprodusentar nyttar Bovaer i fôret i minimum 80 dagar i året. Så avgjerande som tilskotet er for økonomien, inneber dette i praksis å tvinga mjølkeprodusenten til å fôra kyrne på ein bestemt måte.
«Dersom ein hadde brukt same ressursane
på betre agronomi, ville ein på kjøpet fått
meir sjølvforsyning og beredskap.»
Bjørn Lende
Kven si forsking?
Metanhemmarar har skapt eit veldig engasjement både i og utanfor næringa. Motstandarane viser til risiko for negative effektar på helsa til både kua, og menneska som konsumerer produkta hennar. Dette til tross for at alle faginstansar seier at produktet er trygt. Ein må stola på forskinga, vert det sagt.
Til det er å innvenda at stadig meir av denne type forsking vert finansiert av dei som har økonomiske interesser i resultata, med det resultatet at forskinga ikkje er så fri og uavhengig som me vil tru.
I tillegg er det i all slik forsking ein restrisiko som vi ikkje kan verifisera, men som vi aksepterer på grunn av positive effektar av produktet. Eksempelvis innan medisin og plantevernmiddel.
Det er likevel liten grunn til å tru at Bovaer utgjer nokon risiko for verken dyr eller menneske. Sett bort frå sannsynet for at mange av oss bønder neppe vil bruka føreskrive verneutstyr når me handterer produktet, då…
«Grøn» marknad
For produsenten av Bovaer er noko av intensjonen eit å selja eit produkt som gjennom reduksjon i drøvtyggjaren sin metanproduksjon kan frigjera klimakvotar som kan seljast på kvotemarknaden.
Når ein i denne kalkylen brukar ein forelda berekningsmetode for effekten av metan, som så vert konvertert til CO2, fører det til samla sett høgare utslepp av klimagassar. Den såkalla grøne økonomien handlar i mange høve om å tena pengar på å flytta rundt på utslepp, slik at dei hamnar i eit anna rekneskap.
Metan for millionar
Endå tydlegare vert det om ein følger pengane. Kostnaden med Bovaer er det anten me bønder eller forbrukarane som må ta, medan inntektene kjem til multinasjonale selskap med sjefar på million–inntekt (leiaren for produsenten av Bovaer hadde i 2024 ei samla godtgjering, inkludert bonusar, på over 80 millionar kroner).
Berre dét burde vera grunn til å stilla spørsmål om berekrafta. Slike løner er i alle høve ikkje i samsvar med FN sitt berekraftsmål om å utrydda fattigdom og jamna ut inntekter. Dette gjeld ikkje berre Bovaer-produsenten. Svært mykje av såkalla klimatiltak handlar om at dei rikaste i verda får meir makt og vert endå rikare.
«Det hadde vore betre om me hadde hatt
avgift på innsatsfaktorar basert på fossil energi,
som diesel og kunstgjødsel.»
Bjørn Lende
Kva tala fortel
At bruk av metanhemmarar i beste fall er symbolpolitikk, vert tydeleg når ein ser på tala. Metanreduksjon i 80 dagar vil utgjer ein reduksjon på 200- til 250.000 tonn, eller fire-fem prosent av målet for utsleppskutt fastsett i klimaavtalen. Men i dette reknestykket er ikkje utsleppa korkje frå produksjonen og distribusjonen av Bovaer tatt med. Heller ikkje utslepp frå produksjonen av utstyret for dosering, eller for dei som skal reise rundt i landet og montera og ha service på utstyret.
Desse utsleppa hamnar eit anna rekneskap, og vert ikkje belasta landbruket. Dersom ein hadde brukt same ressursane på betre agronomi, ville ein på kjøpet fått meir sjølvforsyning og beredskap. Og i staden for auka kostnadar for bonden, ville det gitt høgare inntekter.
Kjemi er ikkje løysinga
Dersom ein meiner at metanhemmar er det beste tiltaket for å kutta klimautslepp, kunne ein oppnådd same resultatet ved at nokre få av dei største storfeprodusentane brukte middelet heile tida. Det vil spart oss for 90 prosent av investeringskostnaden.
Så kan ein innvende at målet er at alle skal bruka det heile tida. Men også for landbruket isolert sett er det eit dilemma at me løyser eit grunnleggjande problem ved å tilsetja eit kjemisk stoff i drøvtyggjarfôret. Det hadde vore betre om med hadde hatt avgift på innsatsfaktorar basert på fossil energi, som diesel og kunstgjødsel. Det ville gjort det meir lønsamt å nytta desse knappe ressursane optimalt.
Kor er dei klårsynte leiarane?
Me treng leiarar i organisasjonane våre og i samvirka som evnar å gjennomskoda narrativet om metanhemmarar. Leiarar som peikar på det som verkeleg kan endra landbruket i meir berekraftig retning.
Det er ein katastrofe at me etter minst ti år med berekraftsarbeid ikkje har kome lenger enn at når ein skal stille vilkår til bøndene for å få produksjonstilskot, så er det ved å krevja at dei tilset eit kjemisk stoff i fôret for å endra kua sin unike metabolisme.