Maria Dyngeland er fjøs­meister på Flat-Jæren før ho tar over heimegarden på Høg-Jæren.

Kossebingen: Maria Dyngeland er fjøs­meister på Flat-Jæren før ho tar over heimegarden på Høg-Jæren.

PORTRETT:

Cowboy-sjefen

23. oktober 2025 | Aktuelt

Maria Dyngeland elskar jobben som fjøsmeister og gru-gler seg til framtida som bonde på eigen gard.

Bothild Å. Nordsletten

Ho kjem på jobb mellom fem og seks om morgonen, og kvar dag før ho reiser heim har ho to mål: At dyra har det bra. Og at dei menneska ho har vore med som del av Inn på tunet-ordninga, skal ha opplevd å meistra noko.

Sei hei til Maria Dyngeland. Odelsdotter frå oppunder fjellet på Lye. Fjøsmeister hjå Arthur og Marit Salte på Torvholen nede på Flat-Jæren, med mjølk, ammekyr og kombinert svinehald i porteføljen. Nominert til årets avløysar. Leiar i Jæren Young Cowboys. Og talskvinne, helst utan filter, for rekruttering, betre utdanning, kunnskapsbygging, føreseielege rammer, og samhald i jordbruket…

Ho har akkurat fylt 24 år og har altså null problem med å fylla dagane.

«Eg meiner den jobben eg gjer er livsviktig.»

Maria Dyngeland

Ro i kaos

– Eg har ansvar for stell av både gris og ku, og eit overordna ansvar for drifta i kufjøset. Det inkluderer å ha oversikt over inseminering, drektigheitskontroll, kalving, avsining, haldvurdering og mjølkelister. Eg har ansvar for avløysarane på kveldstid, og så leier eg Inn på tunet-tilbodet her ein dag i veka, med deltakarar som har demens, seier Maria.

 – Og eh…har du eit liv, sånn utanom?

Ho ler.

– Eg har jo fri i helgane. Og eg elskar dette! Eg likar å sjå at resultata blir betre, at kalvane veks og at kyrne tar etter første inseminering.

Maria veit ho har det enklare enn venene sine, dei som alt har overtatt eller kjøpt gard på den opne marknaden. Dei kjenner det økonomiske presset ho førebels berre anar.

– Dei arbeider rauå’ av seg. Men så gjer dei òg noko dei elskar. Eg trur dei har funne ein ro i at livet er kaos.

Ein god skule

Ho er eldst av fire søsken der oppe på Lye og skal overta heimegarden, som i dag har sau, ammeku og kombinert svinehald.

Ho er utdanna agronom med studiekompetanse frå Øksnevad.

Den jærske utdanningsinstitusjonen slit med omdømet som jordbruksskule, noko Maria med fleire har engasjert seg for å betra.

– Nokre vil ut å studera – sjølv er eg ganske heimekjær. For landbruksungdom som ønskjer å bli verande på Jæren er det derfor viktig med eit skikkeleg utdanningstilbod, utover agronomen. Som bachelor eller ein fagskule.

Fråveret av eit slikt tilbod er del av grunnen til at landbruksnæringa i Rogaland slit med å skaffa nok fagfolk, trur Maria. Ho har ei løysing.

– Med ei god jordbruksutdanning som utgangspunkt kunne me byrja å bygga eit betre miljø for heile næringa her, seier ho.

 Team Torvholen: Fjøsmeister Maria Dyngeland i lag med sjefane Arthur og Marit Salte - som båe skryt lenger enn denne nettsaka har plass til, av Maria.<br />

Team Torvholen: Fjøsmeister Maria Dyngeland i lag med sjefane Arthur og Marit Salte – som båe skryt lenger enn denne nettsaka har plass til, av Maria.

Kunnskap + Samhald = Sant

Engasjementet for kunnskap er også ein av grunnane til at Maria vart med i – og nå er leiar i Jæren Young Cowboys. Laget er ein møteplass for unge storfeinteresserte jærbønder, og organiserer gardsbesøk og fagmøte.

– Bondelaget kan vera litt vanskeleg å koma inn i for dei yngste. I Young Cowboys kan me bli litt tryggare på oss sjølv. I eit yrke der du ofte er aleine bygger me også nettverk, frå tidleg av.

Ho seier dei unge cowboy’ane støttar kvarandre opp og heiar på kvarandre. Noko Maria meiner bønder generelt burde bli flinkare til.

– Og meir kunnskap er aldri feil. Me treng å utfordra eigne meiningar, og å tenka nytt.

– Men jærbøndene er vel meir kjente for handlekraft enn for høgare fagutdanningar. Kven er eigentleg «jærbonden» av i dag?

– Driftig! Mykje pågangsmot, kjem det momentant.

Ho veit svaret er klisjé, men meiner like fullt at det er sant.

–  Og kven bør jærbonden bli, med tanke på alle utfordringane som næringa står overfor?

«Me treng å utfordra eigne meiningar, og å tenka nytt.»

Maria Dyngeland

– Jærbonden må fortsetta å bygga gode nettverk, oss bønder i mellom, men òg med næringane og utdanninga rundt landbruket. Me må bli stoltare, og betre på å formidla kunnskap om maten, jobben me gjer og alle moglegheitene som ligg i næringa.

– Kva kan bønder andre stader i landet læra av jærbøndene?

Ho tar ein tenkepause.

– Eg har ikkje lyst til å seia «Lær av Jæren», seier ho.

– Eg trur me alle har noko å læra av kvarandre. Det handlar ikkje om å vera størst, men om å gjera det beste av utgangspunktet kvar har på sin gard. Me må alle stå i hop, dela kunnskap og gjera kvarandre gode.

Me er livsviktige

Ikkje minst i ei tid der beredskap blir viktigare, vil Maria nå ut til omverda.

– Eg meiner den jobben eg gjer er livsviktig. Me må opna opp og visa Noreg kva arbeidet vårt er verdt.

Ho har gitt råd til både statsforvaltar og politikarar om korleis ein sikrar ei levedyktig jordbruksnæring. Og ho vil gjerne gjera det igjen.

– Om Arthur inviterer alle barnehagane og skulane på Jæren hit, så skal eg forklara dei kor maten kjem ifrå. Eg meiner det!

Godt grep: Dyra på Torvholen<br />
og Maria kjenner kvarandre godt.<br />
– Eg saknar dei når eg er på ferie, seier fjøsmeisteren. Ambisjonen hennar er å kjenna kyrne så godt at ho ikkje gløymer nummeret på dei ho sender til slakt.

Godt grep: Dyra på Torvholen og Maria kjenner kvarandre godt. – Eg saknar dei når eg er på ferie, seier fjøsmeisteren. Ambisjonen hennar er å kjenna kyrne så godt at ho ikkje gløymer nummeret på dei ho sender til slakt.

Trygge bønder

Fjøsmeisteren er skræmd over korleis landbrukspolitikken er prisgitt kva parti som vinn vala. Sjølv gler ho seg til ein dag å bli mor, men er samstundes uroa for velferdsordningane rundt og for økonomien.

– Skal me sikra rekruttering, må folk som vel å bli bønder vita at dette er eit trygt yrke, også for familien. Me må få vekk det økonomiske stresset,  seier ho.

Ikkje lettaste jobben

Gler ho seg til alt som ligg framom? Det verkar jo sånn?

Det blir stille ganske lenge.

– Eg gru-gler meg, seier Maria.

– Eg lever for det å vera bonde, men det er ikkje plent lett. Kanskje litt meir utfordrande enn å ha ein 7-3-jobb.

– Heiter det ikkje 9-4 der ute?

Fjøsmeister-blikket knisar «What ever!».

Og uansett. Maria er alt på veg vidare. Grishuset neste!