Bønder og gründerar:<br />
Roger Fossan (f.v.), Tor Erlend Einane og Egil Byberg i ERT Agri er alle aktive mjølkeprodusentar. Foto: ERT Agri.

Bønder og gründerar: Roger Fossan (f.v.), Tor Erlend Eiane og Egil Byberg i ERT Agri er alle aktive mjølkeprodusentar. Foto: ERT Agri.

Fôrbrett frå Forsand på veg ut i Europa

14. november 2025 | Aktuelt

Då Egil Byberg skulle bygge nytt fjøs ville han ha eit praktisk og vedlikehaldsfritt fôrbrett som sparar plass og tid, og som held fôret reint og reduserer svinn. No vekker fôrbrettet interesse i utlandet, spesielt i Finland.

Liv Kristin Sola

Det er snart ti år sidan Egil Byberg bygde prototypen på eit vippbart fôrbrett i sitt eige fjøs heime på Forsand i Rogaland.

– Utfordringa var å få det til å fungere i praksis. Å få til ein vippbar vegg på fôrkrybba på så lange bygg som på 60 meter, seier han til Bondevennen.

Byberg tok patent på oppfinninga og ga det namnet Feed-back. No vekker fôrbrettet interesse i Europa.

– Me har montert fôrbrett i Tyskland og i Finland, og arbeider no med Sverige, seier han.

Bonden og gründaren har spesielt god tru på Finland, kor det er mange fjøs med støypt fôrkrybbe langs vegg.

– For finnane er dette ei vidareutvikling av eit fôringssystem som dei har hatt i bruk dei siste ti åra, seier Byberg.

Vipper fôret ned i krybba: Fôrbrettet blir vippa ned under fôring og lukkes etter utfôring slik at det blir ei fôrkrybbe. Det er bygd i galvanisert stål med gummiduk og hydraulikksystem som løfter og senker veggen, og krev lite vedlikehald. Foto: ERT Agri

Driftssikkert

Fôrbrettet er mekanisk styrt og krev lite vedlikehald. Og ved å flytte fôrbrettet utandørs på sida av fjøset, blir det frigjort plass inne.

– Me tok tilbake tanken om ei fôrkrybbe kor dyra rekker fôret til ei kvar tid. Det gir ro i fjøset og lite fôrsvinn. I tillegg er det hygienisk fordi du aldri har dekk eller anna utstyr i kontakt med fôret. Og du treng ikkje investere i kostbart utstyr for å skyve fôret tilbake til dyra, seier Byberg.

Målet var å få til enkle og driftssikre løysingar som frigjer plass i fjøset, redusere stress hjå dyra, og held fôret reint og tilgjengeleg heile tida.

Fôrbrett under bygging/ med eteplatting: Foto: ERT Agri.

Fôrbrett utvendig når det er vippa opp og stengt. Foto: ERT Agri.

Fôrbrett innvendig får fôring. Foto: ERT Agri.

Større fleksibilitet

For to år sidan fekk Byberg med seg Roger Fossan og Tor Erlend Eiane og danna selskapet ERT Agri. Men det har ikkje berre vore enkelt å få innpass i den norske marknaden. Byberg trur likevel det begynner å losne.

– Ein nytt fjøs startar som regel med to strekar midt i fjøset. Det er fôrbrettet som legg føringar for resten av planteikninga. I mitt hovud gir det for store føringar for korleis fjøset blir utforma. Med eit utvendig fôrbrett sparer du plass og er meir fleksibel med tanke på korleis du vil planlegge fjøset, seier han.

– Og like viktig er det at eit utvendig fôrbrett i større grad mogleggjer ei trinnvis utbygging av nye fjøs. Noko som har blitt meir etterspurt i seinare tid, seier Byberg.