Sending pågår! Ei lang rekke bønder, rådgjevarar, ekspertar og politikarar var innom og delte sine perspektiv på Bondevennens live podcast-sending under Agrovisjon.

Sending pågår! Ei lang rekke bønder, rådgjevarar, ekspertar og politikarar var innom og delte sine perspektiv på Bondevennens live podcast-sending under Agrovisjon.

PODCAST:

Podcast: Høyr innom Agrovisjon

5. desember 2025 | Aktuelt, Podcast

Om du ikkje var der sjølv, kan du høyra dei tre fullpakka live podcast-sendingane våre frå Agrovisjon på nettet nå.

Rekruttering til jordbruket. Klima. Utviklinga innan maskin og mekanikk. Med desse tre tema samla Bondevennens podcast-gjeng ei rekke gode namn til live sending under Agrovisjon på tampen av oktober.
Uansett kva tematikk som opptar deg, og anten du vil høyra Harald Volden frå Fjøssystemer, tidlegare landbruksminister Geir Pollestad, generalsekretær Anders Bakke Klemoen i Bonde- og Småbrukarlaget eller ei rekke bønder og rådgjevarar og politikarar…så ligg alle sendingane ute på nett nå. Gå inn og oppdater deg!

Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet, Jæren Sparebank og Rogaland Fylkeskommune.

Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 60 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.