Handla julegåvene frå Bondevennen
Me har samla to av dei mest populære artikkelseriane våre i eigne hefte. Gled deg sjølv eller nokon du kjenner med dei!
Ville sørvesten
«Med den farten og vinkelen fungerte guten perfekt som hyppeskjær.» Du hugsar kanskje igjen denne passasjen frå den elleville historia som Time-bonde Kristian Vinningland fortalte i Ville sørvesten-spalta til Gudmund Edland i Bondevennen? Sagaen, som eigentleg handla om ein villfaren gris, og over 100 andre minnerike soger frå gardslivet i sørvest, er samla i eit bokhefte, som du kan kjøpa og gi i julegåve til deg sjølv eller andre.
Spalta stod på trykk i Bondevennen frå 2021 til 2024. Historieformidlar og Gjesdal-bonde Gudmund Edland håpar at tekstane frå Ville sørvesten ikkje berre morer, men òg får historieforteljinga på glid rundt stoveborda der heime.
Historier frå Ville sørvesten får du kjøpt ved førespurnad til Bondevennen.
Pris kr 199,- pr hefte.
Porto kjem i tillegg.
Ta kontakt på post@bondevennen.no eller på telefon 51 88 72 61.
Kusignal
Heftet der me har samla artikkelserien vår om kusignal går som varmt kveitebrød etter lanseringa i haust. Her lærer du deg kunsten å tyda kua sine mange signal, alt frå kva ho seier med øyrene, beinstillinga og skiten – til kva lysstyrke og liggeplass har å seia for yteevna hennar. Artiklane er skrivne av nederlandske Stieneke IJdema og danske Susanne Pejstrup for Bondevennen.
Kusignal får du kjøpt ved førespurnad til Bondevennen.
Pris kr 299,- pr hefte.
Klassesett med 15 bøker og meir kr 250,- pr hefte.
Porto kjem i tillegg.
Ta kontakt på post@bondevennen.no eller på telefon 51 88 72 61.
Kjøp julegåveabonnement på Bondevennen
Bondevennen er ei særleg aktuell gåve til dei ein håpar og trur skal driva med landbruk i framtida. Breidda i stoffet, mellom anna med mange reportasjar frå gardsbruk der dei får det til og trivst med gardslivet, skaper interesse for næringa hjå dei unge.
Aktive bønder er ikkje dei einaste som likar når Bondevennen kjem i postkassen. Mange pensjonerte bønder likar å lese om og følgje med på utviklinga i næringa, og deler abonnement med dei som har teke over garden. Kva med å sjå til at dei får eit eige blad, som dei kan nyta i helgedagane? Me føreslår eit abonnement i gåve til bursdag eller jul!
Bondevennen er gåva som gleder og engasjerer heile året!
Pris for eit års abonnement på papir er for 2026 kr 1690,-
(6 mnd kr 875,- 3 mnd. 445,-) inkludert elektronisk utgåve.
Ta kontakt på post@bondevennen.no eller på telefon 51 88 72 61.


