GOD HELG:
Operasjon julestjerne
«Vil du henga opp stjerna i vindauga», spør Hustru.
«Klart eg vil. Men eg er tyngre enn i fjor. Trur du kjøkkenstolen er sterk nok å stå på», spør eg, medan eg etter beste evne prøver å bretta ut den kvite, perforerte kinaproduserte pappgreia med innebygd LED-lys.
Eg prøver febrilsk å hugsa korleis eg gjorde i fjor, for å unngå at den skjøre dingsen ikkje skal rivna eller gå opp i liminga. I bakgrunnen høyrest spøteklirr blanda med sviskekliss frå radioapparatet; It’s beginning to look a lot like Christmas.
«Ta av deg tøflane, så står du meir støtt», seier Hustru.
«Kan du vera så grei å skru ned lyden på radioen», spør eg, lettare irritert over P7 Klem JUL som ikkje evnar å spela ein einaste gammalnorsk kristeleg julesong medan eg står og fiklar med den nærast usynlege plastdingsen som er tredd på leidningen til julestjerna og som skal hektast på den syltynne spikaren over vinduskarmen.
«Nå må du ikkje gå ålveltes», seier Hustru, og kikkar opp som snarast medan ho tel moskene på genserbolen til barnebarnet på tre som ho er i ferd med å fella av eller legga opp eller kva det nå er det heiter.
«Alt var lettare før. Då var det rett og vrangt og ferdig med det», svarar eg, og vrir og vrenger på kablar og oppheng for å få stjerna til å henge beint.
«Stjerna heng skrått. Du fekk den bein i fjor. Vri litt til, så skal eg koka kaffi imens», seier Hustru.
«Nei, takk. Då får eg ikkje sova. Eg prøver heller å ta finjusteringa i morgon. Det plar gå lettare om stjerna får henga litt og klimatisera seg», seier eg, og manøvrerer meg tungt ned på parketten. Med tøflane på.
Medan eg freistar å finna balansen på fast grunn, er Hustru i gang med ein fuktig klut oppi bestikkskuffa på kjøkken.
«Nokon har dryssa kaffi i skuffa, sjå her under teskeiene», seier ho og peikar.
Alt var lettare før då ungane budde heime. Då kunne eg skulda på dei. Det går ikkje lenger.
«Eg var uheldig og hadde skuffa oppe då eg skulle klippa opp ein ny pose filtermalt i går», seier eg. «Skulle me lagt julepapir i kjøkkenskuffa. Det gjorde me alltid før. Det vart ikkje jul før det vart lagt nytt papir i kjøkkenskapa og -skuffene. Og julegardin i vindauga.»
«Det er ingen som legg papir i kjøkkenskapa lenger. Det var før det. Prøv å vri på stjerna », seier Hustru.
P7 Klem JUL kjem skrått og sikkert velmeinande inn frå kjøkkenbenken med “Have Yourself a Merry Little Christmas”
«Ja», mumlar eg og gir leidningen til stjerna ein siste fåfengt vri for kvelden.
«Alt var betre før.»
Sjur
