Nokon å snakka med: F.v. Roman Benz, som er leiar for legetenestar i Sandnes kommune og vegleiar for kontaktpersonane i nettverket: Geirmund Øglend, Jarle Medalen, Bjarne Mæland, Stein Ove Byberg, Anita Jensen, Arve Fløysvik, Kristine Hognestad. Foto: Brit Jorunn Haslemo
Bondens nettverk veks
Sikkerheitsnettet mot psykisk uhelse i landbruket vert sterkare. Nå er også Sandnes og Kvitsøy med i ordninga.
Bothild Å. Nordsletten
Sjølv med mykje merksemd kring bondens mentale helse, er det ikkje nødvendigvis enkelt for den einskilde som slit å søkja hjelp. Bondens nettverk er ei av ordningane som ønskjer å gjera det lettare. Frå før av er nettverket av frivillige kontaktpersonar godt etablert i kommunane i Innlandet fylke. Sidan har det spreidd seg til fleire kommunar i Rogaland. Siste tilskot til nettverket er Sandnes og Kvitsøy, der sju ressurspersonar er tilgjengelege for bønder som treng nokon å snakka med.
Landbrukssjef i Sandnes kommune, Brit Jorunn Haslemo, har vore aktiv i etableringa. Ho forklarar kvifor den aktive landbrukskommunen nå kjem med.
– Ein bonde har eit stort ansvar kvar einaste dag. For alle bønder kan det oppstå situasjonar eller hendingar som kan vera vanskelege å handtera aleine. Det kan bli vanskeleg å tenkja klart, anten det er ei akutt krise eller ein belastande situasjon som har tæra på over tid. Det er nettopp det Bondens Nettverk kan hjelpa med. Å få oversikt og legga ein plan for å normalisera situasjonen.
Haslemo understrekar at kontaktpersonane i nettverket har absolutt teieplikt overfor tredje person.
– Det er berre den som ringer på vegne av seg sjølv eller andre, som kan gi tillating til å be om hjelp frå andre instansar, seier ho.
Er du bonde i Sandnes eller på Kvitsøy og treng nokon å snakka med?
Du kan kontakta ein av desse:
Geirmund Øglend, pensjonert bonde frå Noredalen: 932 00 291 geirmoglend@gmail.com
Jarle Medalen, Forsand Bondelag: 943 60 671 jarle_medalen@hotmail.com
Bjarne Mæland, Sandnes Bondelag: 480 59 769 bmgardsdrift@gmail.com
Stein Ove Byberg, Riska Bondelag: 472 31 975 steinoby@hotmail.no
Kristine Hognestad, Sandnes Bondelag: 916 43 442 hognestad_kristine@hotmail.com
Anita Jensen, Norsk Landbruksrådgiving, 416 94 657 anita.jensen@nlr.no
Arve Fløysvik. Landbrukskontoret i Sandnes: 958 10 887 arve.floysvik@sandnes.kommune.no