Mat=medisin: Tidleg krøkast med god råmjølk, som god mjølkeku skal bli!<br />
Foto: Istock / venuestock

Mat=medisin: Tidleg krøkast med god råmjølk, som god mjølkeku skal bli! Foto: Istock / venuestock

PODCAST:

Frå svinn til vinn

13. mars 2026 | Aktuelt, Podcast

Dei fleste kan spara arbeidstid og pengar på å gjera ting litt smartare.

Bothild Å. Nordsletten

Visste du at halvparten av alle norske mjølkekyr har ein skjult sjukdom rundt kalving? At 37 prosent av førstegongskalvarane aldri får kalv nummer to, men går til slakt?

Sjuke dyr, eller dyr med mineralubalanse, har dårlegare fôropptak, dårlegare fruktbarheit, og kortare liv. Det er ikkje berre trasig for dyra sjølve, og for deg som bonde. Det er også dårleg økonomi.

Mange har mykje å henta på å bli litt betre på noko så opplagt som kalven sitt første råmjølkmåltid. For eit god immunforsvar frå start, gir jo ei meir haldbar ku. Likeins løner det seg å sikra så gode fôravlingar som råd per dekar. Har du kanskje noko å gå på når det kjem til nitrogenutnytting i husdyrgjødsla? Haustar du verkeleg enga sitt fulle potensial?

I denne podcast-episoden får du gode råd om korleis du unngår svinn, og dermed vinn meir i drifta. Både når det gjeld dyrehelse, produksjon og, faktisk, kutt av klimautslepp. For di betre avlingar du tar, di meir fôreffektive dyr du har, di meir mjølk og kjøt du får ut av dei…di mindre blir utsleppa per produsert eining.

Få mengder med gode råd til drifta før den nye sesongen frå vår podcastprodusent og rektor ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke, Ingvild Steinnes Luteberget. Samt frå rådgjevarar i Tine Marit Kvam og Haakon Halvorsen, avlsrådgjevar i Nortura Karoline Grøthe og NLR-rådgjevar Johannes Bakke.

PS: Ifølgje Steinnes Luteberget kan du godt starta med det du er dårlegast på, der er det ofte mest å henta!

Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet.

Du finn podcasten Bondevennen, inklu­dert det store arkivet med tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.

Bondevennen nr 5
kjem i postkassane og
er tilgjengeleg elektronisk
fredag 13. mars.

Få Bondevennen på øyra!
Bondevennen er på lufta med ein podcast som det luktar fjøs av!

Kusignal
Bondevennen har samla den populære serien vår om kusignal i eit eige hefte.