
Tar sats: Marita Frafjord Oftedal og Håkon Oftedal har satsa friskt med nytt lausdriftsfjøs. I tillegg driv dei med slaktekyllingproduksjon, og snart er sauene på plass i nytt hus.
Gull med mjølkerobot
Marita Frafjord Oftedal (32) og Håkon Oftedal (33) er bønder på Øvre Oltedal i Gjesdal kommune. Med to små barn, nytt fjøs og fleire produksjonar på garden, har det gått slag i slag dei siste åra.
Sjur Håland
Det gjeld å koma i gang tidleg, seier Håkon.
– Er du førti år, er du tjue år for seint ute.
Det første som slår ein i lausdriftsfjøset på Øvre Oltedal, er kor reint og ryddig det er. I kontor- og serviceavdelinga kan ein gå på sokkane. Det er nytt, lyst og velstelt. Alt har sin faste plass. Lenger inne i det luftige fjøset på 30 gonger 75 meter ligg kyrne roleg på vassmadrassane medan mjølkeroboten durar jamt i bakgrunnen. Ein skraperobot glir forbi og held spaltegolvet reint. Det er stilt og harmonisk.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

