Roar Lima Grødeland Foto: FKRA

Roar Lima Grødeland Foto: FKRA

Lovar stø kurs vidare

23. mars 2026 | Aktuelt

Klepp-bonde Roar Lima Grødeland er ny styreleiar i Felleskjøpet Rogaland Agder.

 Sjur Håland

Den nye leiaren lovar stø kurs vidare for konsernet, som hadde ei omsetning på drygt 4,3 milliardar kroner i 2025.

– Det blir ei vidareføring, der innføringa av det nye data- og forretningssystemet (ERP) blir svært viktig i tida som kjem. Å få dette til å fungera godt vil gi positive ringverknader og har høg prioritet, seier den nyvalde leiaren.

Valet skjedde på første dag av årsmøtet, 23. mars, og var i tråd med valkomiteen si innstilling. Lima Grødeland tek over leiarklubba etter Sveinung Svebestad, som går ut av styret etter åtte år som leiar.

«Me skal levera kvalitetskraftfôr kvar dag,
slik me alltid har gjort.»

Roar Lima Grødeland

Stø kurs handlar i følgje den nye styreleiaren også om at FKRA skal vera ein stabil og føreseieleg leverandør av kraftfôr, gjødsel, såvarer og alt det andre som høyrer med.

– Me skal levera kvalitetskraftfôr kvar dag, slik me alltid har gjort. Då er det viktig at selskapet fungerer optimalt til ei kvar tid.

Å styra eit stort selskap i ei uroleg tid med utstrekt handel over landegrensene er krevjande. Lima Grødeland har skaffa seg solid erfaring som styremedlem i FKRA dei siste åtte åra.

– På sett og vis kan ein seia at urolege tider har blitt den nye normalen sidan koronapandemien. Felleskjøpet Rogaland Agder skal vera ein del av den stabiliteten landbruket i Noreg treng. Målet er å tryggja bonden på både kort og lang sikt. Selskapet har ein lang historikk og ein lang horisont, seier Roar Lima Grødeland.

Stikkord denne saka: