Redaktørskifte i Bondevennen
Første april tok Jofrid Åsland Gilje over som redaktør og dagleg leiar i Bondevennen etter Bothild Å. Nordsletten.
Sjur Håland
– Eg er både spent og gira, seier den nye redaktøren.
Dermed er det duka for eit nytt kapittel i landbrukstidsskriftet som har halde det gåande i 129 år. Landbruksbakgrunnen er på plass. Åsland Gilje er utdanna både journalist og agronom. Ho er oppvaksen på ein liten gard på Høle i Sandnes, og arbeidde som avløysar i ungdomsåra.
I dag bur ho i Gilja i Gjesdal. Til redaksjonen i Bondevennen kjem ho etter fleire år som dagleg leiar på Byrkjedalstunet, med meir enn 50 tilsette. Før det har ho vore journalist i ulike redaksjonar, blant andre også Bondevennen, der ho var ein del av redaksjonen i 2014-18. Den nye redaktøren har også arbeidd med kommunikasjon og innovasjon i ei næringsklynge innan helseteknologi.
– I tillegg har eg vore bonde og mellom anna drive rideskule, fortel ho.
– Og nå ville du tilbake til Bondevennen?
– Ja. Om eg har hatt det aldri så kjekt dei siste åra, har eg sakna det å vera journalist. Det kjennest rett. Ungane har blitt større og eg har dermed høve til meir fleksibilitet og litt lenger reisetid til og frå jobb.
– Kan lesarane og lyttarane venta ein liten revolusjon med deg ved roret?
– He, he. Nei, og i alle fall ikkje frå den eine dagen til den andre. Heilt objektive greier ingen å vera, ein tekst vil alltid vera litt farga av den som skriv. Mine oppgåver blir mellom anna å utvikla Bondevennen vidare og løfta fram viktige saker for næringa.
Endringar vil først og fremst skje i samarbeid med styret og redaksjonen, understrekar ho.
Skiftedag: Første april takka Bothild Å. Nordsletten t.v. for seg, medan Jofrid Åsland Gilje same dag tok over som dagleg leiar og redaktør i Bondevennen. Biletet er frå Varhaug-møtet tidlegare i år. Foto: Jofrid Åsland Gilje.
– Bladet må vera der folk er. Då må prioriteringar og ressursbruk styrast vidare. Me har jo nettpublisering og podcast i tillegg til det fysiske bladet, som står sterkt, seier ho.
– Kva er du mest spent på?
– Korleis kvardagen og samspelet mellom meg, redaksjonen og lesarane blir. Bondevennen skal vera relevant og balansert, og formidla eit realistisk bilete som gir både verdi og ny kunnskap. Ikkje alt er rosenrødt, det skal også speglast i det me gir ut.
Er ein viktig stemme
– Bondevennen trengst, og har ein stemme i alt mylderet som er viktig framover, seier avtroppande redaktør Bothild Å. Nordsletten.
Ho har rukke å bli ein synleg og profilert redaktør gjennom drygt ni år i redaktørsetet.
– Nå var rette tida å gi seg for min del. Eg har så mykje eg har lyst å gjera og prøva meg på vidare, seier ho.
– Då er det jo lett å følgja opp med å spørja konkret om kva du skal gjera nå. Etter påskeferien?
– Eg skal tillata meg sjølv å ikkje vita heilt konkret kva det blir på ei stund. Men eg har eit skriveprosjekt, og må naturlegvis også finna meg eit løna arbeid etter kvart.
– Korleis summerer du desse ni åra med tre ord?
– Som meiningsfylte, berikande og gilde. Kan eg få bruka litt fleire ord?
– Ja.
Bothild Å. Nordsletten
– Då vil eg leggja til at det har vore svært lærerikt og at eg sluttar i Bondevennen med ei kjensle av djup respekt for det livsviktige og svært komplekse bondeyrket.
– Kva har endra seg mest på desse ni åra?
– Oi. Eg har observert ei stadig avskaling av talet på bønder og også ei uttynning av landbrukskulturen.
Ho seier at Bondevennen vart inviterte i fleire utval og på fleire møte for ni år sidan enn kva som er tilfelle i dag.
– Dessutan; den digitale teknologien fløymer inn. Samstundes kan ein sjå at samfunnet i auka grad har oppdaga viktigheita av landbruk og matproduksjon i beredskapssamanheng.
– Kva råd har du gitt til den nye redaktøren?
– Eg har sagt at det er svært mykje å skriva om, og mange diskusjonar å løfta fram. Bondevennen er kan hende eit lite nisjeblad, men det me driv med gir verkeleg meining.
