Klar for beite? Det er avgjerande at både søyer og lam er friske, livskraftige og i stand til å ta vare på seg sjølve før dei blir sleppte på utmark, skriv Hanne Elin Herrebrøden, seniorrådgivar hjå Statsforvaltaren i Rogaland. Arkivfoto: Jofrid Åsland Gilje

Klar for beite? Det er avgjerande at både søyer og lam er friske, livskraftige og i stand til å ta vare på seg sjølve før dei blir sleppte på utmark, skriv Hanne Elin Herrebrøden, seniorrådgivar hjå Statsforvaltaren i Rogaland. Arkivfoto: Jofrid Åsland Gilje

Beitedyktig sau – nøkkelen til færre tap på utmarksbeite

23. juni 2026 | Aktuelt

God vurdering av beitedyktigheit før slepp er eit av dei viktigaste tiltaka for å redusere tap, styrkje dyrevelferda og sikre ein god beitesesong.

Hanne Elin Herrebrøden, seniorrådgivar hjå Statsforvaltaren i Rogaland

​Når hundretusenvis av sau og lam blir sleppte på utmarksbeite, er førebuingane avgjerande.

Beite i utmark er eit viktig velferdsgode for sau og lam, og ein berande del av norsk saueproduksjon. Samstundes inneber beitesesongen risiko for tap, og det stiller krav til førebuingar, dyremateriale og oppfølging. Vurdering av beitedyktigheit hjå sau og lam er derfor heilt sentralt i arbeidet med å redusere tap på beite.

Omfang av utmarksbeite og tap i Rogaland i 2025

I Rogaland vart det i 2025 sleppt om lag 285 608 sauer og lam på utmarksbeite, og 273 780 dyr vart sanka etter end beitesesong. Av desse gjekk om lag 107 788 dyr gjennom ordninga med organisert beitebruk.

I organisert beitebruk i Rogaland var den samla tapsprosenten for sau og lam 5,1 prosent i 2025  med 3,2 prosent tap av vaksen sau og 6,2 prosent tap av lam. Tal registrerte gjennom søknad om produksjonstilskot viser ein samla tapsprosent på om lag 4,1 prosent, noko under tapa registrerte i organisert beitebruk.

Beitedyktigheit som førebyggjande tiltak

Tap på beite kan ha mange årsaker, som sjukdom, parasittar, uhell, rovvilt og ernæringsmessige forhold. Tapa kan difor variere betydeleg mellom område og år. Høge tap over tid er ikkje foreinleg med god dyrevelferd.

God vurdering av beitedyktigheit før slepp, kombinert med tilsyn og tilpassa drift, er blant dei viktigaste tiltaka for å redusere tap – uavhengig av årsak.

Kor beitedyktig er sauen som blir sleppt?

Det er avgjerande at både søyer og lam er friske, livskraftige og i stand til å ta vare på seg sjølve før dei blir sleppte på utmark. Beitedyktigheit handlar mellom anna om:

  • Godt hald hjå søyene
  • Tilstrekkeleg mjølkeproduksjon
  • Livskraftige lam som kan følgje mora

Ein god start på våren, med rett fôring og riktig stell gjennom vinteren og lammingsperioden, reduserer risikoen for tap seinare i beitesesongen. Sjå meir om beitedyktigheit på animalia.no

Dødelegheit løfta fram under lanseringa av Dyrehelserapporten

Under lanseringa av Dyrehelserapporten 2025 vart dødelegheit i husdyrhaldet løfta fram i eit eige faginnlegg. I sjølve rapporten er dødelegheit omtalt under kvart dyreslag som ein del av den samla vurderinga av dyrehelse og dyrevelferd. Du kan lese rapporten på veterinærinstituttet sine nettsider.

Kjelde: Animalia og Veterinærinstituttet

Saka har tidlegare vore publisert på Statsforvaltaren i Rogaland sine nettsider.

ANNONSØRINNHALD FKRA