
Føreseieleg: Jordlova skal sikre både aktiv drift av jordbruksareala og føreseielege vilkår for den som leiger jorda. Illustrasjonsfoto: Sjur Håland
Driveplikt av jordbruksareal og jordleigeavtalar
Mange jordleigeavtalar oppfyller ikkje krava i jordlova. Dermed kan både grunneigar og leigetakar stå svakare enn dei trur.
Torfinn Nærland, Fagleiar landbruk, Time kommune
Føremålet med driveplikta er at eigaren av dyrka og dyrkbar jord skal forvalte areala på ein god måte i tråd med jordlova sitt føremål. Dette betyr at jordbruksareal skal drivast kontinuerleg. Driveplikta er òg viktig for å sikre matproduksjon, ta vare på jorda sine produksjonseigenskapar og kulturlandskapet. Aktiv drift kan òg redusere risikoen for at areala vert bygd ned. Jordbruksareal er fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Regelen om driveplikt kom inn i jordlova i 2009. Rundskriv M-2/2021 frå Landbruks- og matdepartementet har utførleg beskriving av driveplikt og jordleige.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Sjå korleis du bytar passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.
