Grønt: Verken kyrne eller bonden ser ut til å mistrivast ute i det grønne på Heskestad-garden.
Beiterestriksjonar forpurrar framtidsplanane
Håkon Skjærpe vil bygga lausdriftsfjøs og utvikla garden, men eit beite, gjødsla, stelt og brukt i generasjonar, er plutseleg blitt naturbeitemark.
Sjur Håland
No kan reglane bli så strenge at den unge bonden fryktar å måtta redusera dyretalet og leggja byggeplanane på is.
Han er omgitt av natur. Stupbratte fjell, hei, grøne beite, dyrka grasmark, kyr, sauer, slaktegris og gode naboar. Det er kanskje difor bonde Håkon Skjærpe smiler så mykje.
Bonden innrømmer likevel at det skjer at smilet ikkje er på.
– Av og til går det ei kule varmt, for å seia det slik, seier han. Og smiler.
Som den gongen ingen ville høyra på han då sauer og lam søkte opp på jernbaneskinnane og inn i jernbanetunnelen på grunn av manglande gjerdevedlikehald på Sørlandsbanen som skjer gjennom eigedomen.
Først då han sjølv stilte seg opp på sporet med armane i kross, vart det reagert. Då var Håkon både sint og desperat.
Gardsfakta:
Håkon Skjærpe tok over garden på Heskestad i 2023, 24 år gammal. Han driv i dag med mjølk, sau og gris. Mjølkekvota er 81.000 liter, og han har 12–13 mjølkekyr og totalt litt over 30 storfe. I tillegg har han 240 vinterfôra sauer og slaktar årleg rundt 500 grisar. Garden har 85 dekar dyrka jord og 100 dekar kulturbeite. Til saman disponerer Håkon rundt 330 dekar dyrka jord og 350 dekar beite, fordelt på 25 teigar. Han disponerer også store utmarksressursar, til saman rundt 10.000 mål saman med andre. Målet er å utvikla garden vidare og bygga nytt lausdriftsfjøs.
– Det vart litt sjau den gongen, men eg trur dei forstod frustrasjonen min, seier han.
Kampen mot Bane Nor er vunnen. Eit solid gjerde er på plass på halvparten av strekket. Men det er nye kampar for bonden som har planar om å utvikla garden med base i beiteressursane på bruket.
Kom totalt overraskande
Overraskinga var stor då han tilfeldigvis var inne på gardskartet. Her hadde det store kulturbeitet, ifølgje Håkon, blitt omdefinert til naturbeitemark.
– Dette kom totalt overraskande på meg. Eg har verken sett dronar eller folk på beitet.
Bonden fryktar restriksjonane på det 63 dekar store kulturbeitet som ligg rett bak driftsbygningen og som er ein viktig del av planane om nytt lausdriftsfjøs. Håkon seier beitet har vore halde i hevd og gjødsla i 100 år.
Beitet er bratt, med frå 30 til 50 prosent helling. Ein gammal veg går gjennom beitet, slik at han likevel kjem til med traktor.
For nokre månadar sidan var han inne og såg på gardskartet i samband med ein søknad.
– Utan at eg har vore klar over det, har kulturbeitet i 2025 blitt endra til naturbeitemark. Nå har eg ikkje lov å gjødsla eller gjera anna naudsynt stell på beitet, medan beitetrykket må reduserast.
Håkon omtalar det som meir enn merkeleg at beitet har blitt omdefinert utan at han har visst noko.
– Det står i beskrivinga at beitet ikkje har blitt gjødsla over lang tid, og at det ikkje har gått jamt med beitedyr dei siste åra. Fakta er at beitet har blitt brukt og stelt i årtier og i det heile består av det eg vil kalla godt kulturgras.
Håkon seier han, i lag med fleire, har vore i dialog med kommunal forvaltning og Statsforvaltaren i Rogaland.
– Førebels har ikkje det ført til noko endring. Byråkratane i fylket tek seg god tid. Dei krev skriftlege henvendingar, og du får ikkje svar over natta, for å seia det slik.
Brukt i generasjonar: Beitet har vore gjødsla og stelt i 100 år, seier Håkon Skjærpe, og syner fram den friske grasbotnen med næringsrik ku-føde.
Media mot meiningsløyse
– Kva er vegen vidare for deg?
– Eg trur det viktigaste nå blir å halda trykket oppe og særleg bruka media for å illustrera meiningsløysa og dei alvorlege konsekvensane denne omdefineringa av beita vil få. Både for enkeltbøndene, matproduksjonen og evna norsk landbruk vil ha til å produsera mest mogleg mat med eigne ressursar.
Bonden er liten åleine.
– Difor er det gledeleg å sjå at faglaga våre nå er tungt inne med protestar. Konsekvensen for meg er at eg må redusera dyretalet og droppa byggeplanane. Eg treng rett og slett å få bruka og stella beitet mitt som før.
Om styresmaktene si omdefinering blir gjeldande, vil det få store konsekvensar for den unge bonden sine framtidsplanar.
– Eg vil bygga lausdriftsfjøs, men det vil ikkje late seg gjera dersom eg ikkje får gjødsla og bruka beitet, som er eit viktig grunnlag for mjølkeproduksjonen. Då må eg beita dyrka mark, og dermed er eg utan vinterfôr.
– Kva skjer om du sluttar å bruke beitet?
– Nei, då hadde det blitt 60 mål av totalt 100 mål med småskog og kratt i løpet av kort tid. Det er nok med småbruk rundt om i landet som er skog i dag. Beitet mitt er steinrikt og bratt. Det er heilt utenkeleg å gå over til slåmaskin eller ljåslått.
«Med det siste naturbeitemark-grepet frå styresmaktene blir eg jo litt oppgitt.
Det får vera grenser.»
Håkon Skjærpe
Ville bli bonde
Skjærpe gard er ein av Heskestad-gardane i Lund. Her er det no to våningshus, kor foreldra bur i det eine.
– Det var i desse barndomsåra eg bestemte at det var bonde eg ville bli.
Med 80.000 i mjølkekvote og 40 sauer var dei ikkje arbeidsledige.
– Eg kunne ikkje koma fort nok heim frå skulen for å vera med i lemminga, minnest han.
Faren kjøpte seg gradvis opp med meir areal. Det meste av dette var beite. Garden er delt i fire på grunn av gamle E39, jernbanen og dagens E39. Håkon tok over garden i 2023. Då var han 24 år og meir enn klar for bondelivet.
I dag leiger han sju nabogardar i varierande storleik. Til saman driv han kring fire kilometer langs begge sider av jernbanen.
Dei siste åra har Bane Nor sett opp skikkelege gjerde, og han slepp å frykta at dyra kjem opp på skinnane og blir ihelkøyrde.
Bratt: Kubeitet på drygt 60 dekar, som nå er definert som naturbeitemark er sentralt i drifta til Håkon Skjærpe. Hellinga er 30-50 prosent, så då er firehjulingen god å ty til. Tunet til Håkon Skjærpe ligg midt i biletet. Privat foto.
Bygde kapital
Håkon tok to år pluss påbygg i Lyngdal. Nå er han i ferd med å fullføra agronomutdanninga på kveldstid gjennom Vinterlandbruksskulen på Jæren. Han har også god avløysar.
Etter Lyngdal var han ei tid på Nortura Egersund før han byrja som tømrar i onkelen sitt firma. Her var han i to år, før han tok kurs som saueklippar.
Etter kvart fekk han spørsmål om å klippa hjå naboane. Nå har han klippa sauer i ti år. I tillegg monterte han gjerder for bønder.
Alt dette bidrog til å bygga kapital slik at han kunne ta over garden.
– Mykje av dette arbeidet var akkordarbeid i den rolege tida av året. Det har eg alltid likt. Så har det vore sosialt. Eg har blitt godt kjent med bønder både her i Dalane og elles.
Like før han tok over etter faren, Olav Skjærpe, i desember 2023, fekk han tilbod om å forpakta eine naboen sin gard. Han hadde sau og slaktegris. Slik vart gris også ein del av drifta.
– Og dermed la ting seg til rette for at eg fekk eit driftsomfang som etter kvart gjorde det mogleg å vera bonde på fulltid, seier han.
Sauehuset: Håkon Skjærpe har 240 vinterfôra sauer, i hovudsak NKS. Sommarstid beiter sauene i den store heia som han disponerer saman med andre bønder i området. Foto: Privat.
Mjølk, sau og gris
I dag har Håkon ein mjølkekvote på 81.000 liter, mjølka på 12–13 årskyr. Til saman har han i overkant av 30 storfe.
Ammekyrne på talle har han kutta ut, både av økonomiske og praktiske grunnar.
I dei to fjøsa har han til saman 240 vinterfôra sauer. Årleg slaktar han 500 grisar.
Garden har 85 dekar dyrka jord og 100 dekar kulturbeite, pluss utmark. Saman med andre disponerer han kring 10.000 mål utmark.
Totalt disponerer han 350 dekar beite og 330 dekar dyrka jord som er fordelt på heile 25 teigar.
Heialivet er godt
Heialivet er godt. For både bonden og sauene.
Det er dei sterkaste individa som blir sleppte på heia. Her kvitterer dei med god tilvekst og kvalitet.
– Dei fleste lamma kan leverast til slakt rett frå heia, seier han.
90 prosent av sauene er NKS, medan han har nokre Dorper og litt Norsk Pelssau.
Dei første lamma, kopplamma, vart sende til slakt i veke 31.
– Dei var 23,5 kilo i snitt og klassifiserte som U− og 2+ i feitt. Det er eg godt nøgd med, seier bonden og smiler.
Med eigne heieressursar går sankinga av den største flokken føre seg ganske seint.
– Me slepp dei på lågheia i tida mellom 15. mai og 1. juni og hentar dei heim att kring 9. september. I år er planen å sanke tidlegare, heilt sist i august. Eg ville helst nytta beita lenger, men må ta omsyn til marknaden som betalar betre for lam som er hausta tidlegare.
Viser veg: Gardsvegen oppover kulturbeitet er bygd i ei tid då traktorane var mindre, men han kan framleis brukast.
Fôrhaustaren gjer jobben
Enga blir slått to gonger. Mesteparten av graset, rundt 270 dekar, blir fordelt på dei fire tårnsiloane han disponerer.
I fjor kjøpte han seg ny fôrhaustar med multikuttar.
– Kanskje litt gammaldags å fôrhauste forturka gras, men metoden er trygg og økonomisk gunstig, sjølv om haustinga tek lang tid. I tillegg flyt haustaren godt på fuktig jord. På sikt blir det kanskje ei haustevogn. Men enn så lenge fungerer fôrhaustaren og faren min med i arbeidet kjempegodt, seier han.
Arealet som ligg lengst vekke, blir gjerne pressa i rundballar.
«Eg prøver å vera positiv. I fjor hadde eg inne fire søknadar og har nå fått nei på alle. Eg føler eg har gjort det rette med
å søka. Alternativet er jo ikkje så lurt.»
Håkon Skjærpe
Mange planar
Bondelivet er heilt topp.
Bonden har mange planar for framtida for seg sjølv og sambuar Silje Figved, som arbeider i barnehage og kjem frå gard i Bjerkreim.
– Det handlar om å få drifta til å sviva godt økonomisk. Utvikla garden litt kvart år. Grava litt og utvida litt, eller retta ein kanal eller veg. Dersom eg får lov, då.
Her på garden er det mange kulturminne, vegar, jernbane og vassdrag å ta omsyn til. Det blir mange søknadar. Ofte blir svaret nei.
– Frustrerande?
– Eg prøver å vera positiv. I fjor hadde eg inne fire søknadar og har nå fått nei på alle. Eg føler eg har gjort det rette med å søka. Alternativet er jo ikkje så lurt.
Han smiler.
– Men med det siste naturbeitemark-grepet frå styresmaktene blir eg jo litt oppgitt. Det får vera grenser, seier Håkon Skjærpe.










