Fosfor og fornuft: ”Fosfor frå husdyrgjødsel bør tilbakeførast til å gjelda gammalt regelverk med 3,5 kg fosfor per dekar,” skriv Ragnvald Gramstad. Foto: Thea Hjertuslot
LESARBREV:
– Her må fornufta vinna fram
Det er litt vemodig å sjå kva som er på gang i landbruksnæringa vår. Då tenkjer eg spesielt på innstramming i bruk av fosfor frå husdyrgjødsla.
Ragnvald Gramstad
Denne teksten er ei ytring, og gir uttrykk for skribentens personlege haldningar.
Fosfor er eit særs viktig plantenæringsstoff, men årsakene til vel høge fosfortal i jord skuldast ikkje berre feil bruk av husdyrgjødsel. Det er vel så viktig å tenkja på den lausslupne bruken av fosforhaldig mineralgjødsel gjennom dei siste 50 åra. Det er viktig å tenkja på at i denne samanhengen har mange gardsbruk tilført både eitt og to kilo fosfor per dekar og år i tillegg til det som vart tilført gjennom husdyrgjødsla. Dette er nøydt til å gå gale med omsyn til fosforinnhald i jord og avrenning. Vi har gode eksempel på gardbrukarar som gjennom dei siste 50 åra berre har kjøpt nitrogen og kalium etter anbefaling frå rådgjevingstenesta. Desse har gjerne fosfortal i jord som er lik i dag som for 50 år sidan P-Al 8-10. Dette er flott. Me snakkar her om balansert gjødsling. Resirkulering av næringstoffa i husdyrgjødsel med tilføring av 3,5 kilo fosfor/daa til eng. Mange flinke gardbrukarar tar avlingar i dag som fjernar meir enn fire kilo fosfor per dekar.
Det må vera heilt agronomisk feil å redusera fosforgjødslinga når ein samstundes skal auka avlingane. I eit miljøperspektiv må husdyrgjødsla raskaste veg frå lager og tilbake til jord og plantevekst i den såkalla vekstsesongen.
Kva tenker eg på? Jo, etablering av Biogassanlegg. Transportere husdyrgjødsel på kryss og tvers. Store miljøavtrykk på veger, mikroplast frå trailertrafikk og trafikkaos i eit elles overbelasta vegnett. Økonomien er så langt særs tvilsam.
Betre alternativ: Fosfor frå husdyrgjødsel bør tilbakeførast til å gjelda gammalt regelverk med 3,5 kg fosfor per dekar. Innføring av gjødselplan med kontroll av innkjøpsliste av mineralgjødsel.
All hønsegjødsel bør leverast til Norsk Naturgjødsel på Sele. Dette er tiltak som vil redusera presset på spreieareal betydeleg. Her må fornufta vinna fram.
Bondevennen nr 15
kjem i postkassane og
er tilgjengeleg elektronisk
fredag 11. september.
Få Bondevennen på øyra!
Bondevennen er på lufta med ein podcast som det luktar fjøs av!
Kusignal
Bondevennen har samla den populære serien vår om kusignal i eit eige hefte.













