Nyt Norge: Dordi Lerum er<br />
ikkje i tvil, - den beste beredskapen<br />
er å ete norsk mat. Foto: Privat.

Nyt Norge: Dordi Lerum er ikkje i tvil, – den beste beredskapen er å ete norsk mat. Foto: Privat.

Berre norsk mat, takk!

19. oktober 2026 | Aktuelt

– Skal vi klare å auke sjølvforsyninga er det heilt avgjerande at vi forbrukarar bevisst vel norsk mat i butikken, seier student, odelsjente og norsketarianar, Dordi Lerum.

Liv Kristin Sola, skribent

I romjula 2023 bestemde Dordi Lerum (23) seg for å ete berre norsk mat heile 2024. Det skulle by på nokre utfordringar, men vel så mange positive overraskingar.

Det viktigaste for Dordi, er at ho har fått ei stemme som blir lytta til i samfunnsdebatten. Ei stemme som snakkar fram norsk mat og norsk landbruk.

ANNONSE

Sløvare forbrukar

Då Dordi flytte til Oslo for å studere, rekna ho seg som ein over middels bevisst forbrukar. Ho var oppteken av norsk mat, men merka at bylivet gjorde ho sløvare.

– Eg valde lettvinte løysingar. Og kjøpte jordbær i desember, seier Dordi.

Det er det heilt slutt på. No kjøper ho norsk frukt og bær i sesong og impulskjøp er historie. Avgjersla om å berre ete norsk mat har endra livet til 23-åringen.

​Ikkje norsk brød

Attende i Oslo etter juleferien brukte Dordi to timar på den første handleturen. Dårleg merking og feilmerking av matvarer var ei utfordring.

– Det skulle ikkje vore lov å merke knekkebrød med norsk flagg når ingrediensane er frå EU, seier den ferske norsk­etarianaren.

Heller ikkje brødet i butikkhyllene er norsk, noko Dordi aldri hadde tenkte på. Løysinga vart å bake sitt eige brød, på surdeig, fordi den «norske» gjæren er svensk.

«Korleis kan vi kritisere andre for å gjere dårlege val dersom vi sjølve ikkje har eit bevisst forhold til norsk mat.»

Dordi Lerum

Treng strengare krav

Dordi meiner daglegvarekjedene har for stor makt og tek for lite ansvar. Og at dei bevisst driv villeiande marknadsføring.

– Eg skulle ønske det kom på plass strengare krav til merking, og at kjedene fekk eit større ansvar for å fremme marknadsføring og sal av norsk mat og norske råvarer. Ikkje minst brød og bakevarer, seier ho.

Aller helst skulle Dordi sett meir lokalt produsert mat i butikken.

– Eg trur mange ikkje er klar over det store mangfaldet av norsk mat. Frå gode ostar, mjølk og kjøt, til fantastiske grønsaker som eg aldri hadde tenkt det gjekk an å ete, seier ho.

Taletid i Dagsnytt 18

Turen i butikken vart ein vekkjar for Dordi. Ho gjekk til lokalavisa og fekk spalteplass.

Oppslaget vart fanga opp av NRK og odelsjenta vart invitert til debatt i Dagsnytt 18. Motstandar var jurist og den gong styreleiar for United Bakeries, Karl Glad.

Dordi såg på møtet som eit høve til å vekke folk si merksemd for levande bygder, eit aktivt landbruk, og bevisste val i butikken.

– Sjå etter Nyt Norge-merket. Det er den beste garantien du har, seier ho.

Vårt ansvar å auke kunnskapen

Dordi har merka seg at byfolk ikkje er like opplyst om matproduksjon som folk på bygda. Men ho klandrar ingen for manglande kunnskap.

– Det er vårt ansvar, vi som kjenner landbruket, å fortelje kor viktig norsk matproduksjon er for beredskap og for å skape liv i bygdene våre, seier ho.

Odelsjenta skulle ønske at også bønder var meir bevisste på kva dei handlar med seg frå butikken.

– Korleis kan vi kritisere andre for å gjere dårlege val dersom vi sjølve ikkje har eit bevisst forhold til norsk mat? utfordrar ho.

Tok av på Tiktok

Etter den første handleturen som norsketarianar, la Dordi ut ein video på Tiktok. Ho viste fram dei norske råvarene og fortalde om planane sine. Mest for å informere vener og kjende om sin nye livsstil.

– Dei var nok mest bekymra for korleis det skulle gå med fredagstacoen, seier Dordi.

Då ho sjekka telefonen same kveld vart ho sjokka.

– 25.000 folk hadde sett videoen. Då forstod eg at det er mange som er opptekne av norsk mat og norsk landbruk, seier ho.

Matinfluensaren har no 70.000 følgjarar på Tiktok og legg ofte ut korte filmar. Frå arbeid på garden, i lag med dyra, i butikken eller ved kjøkenbenken kor ho eksperimenterer med norske råvarer.

– Mange av følgjarane er unge. Det gjer meg optimistisk, seier Dordi.

Ekte vare: Under Vixen Influencer Awards hadde Dordi kledd seg i ein kreasjon laga av to saueskinn. – Det viktigaste på den raude løparen er ikkje dyre designarkjolar, men å symbolisere det eg står for; som å bruke heile dyret, seier Dordi. Foto: Privat.

Ekte vare: Under Vixen Influencer Awards hadde Dordi kledd seg i ein kreasjon laga av to saueskinn. – Det viktigaste på den raude løparen er ikkje dyre designarkjolar, men å symbolisere det eg står for; som å bruke heile dyret, seier Dordi. Foto: Privat.

Lysare framtid

Dordi har mor frå Nordmøre og far frå Sogn. På sikt skal ho overta farsgarden og 100 vinterfôra sau i Luster i Indre Sogn.

Som åttande generasjon på sauebruket inst i Sognefjorden veit ho svært godt  kor mykje arbeid norske bønder legg ned for å produsere rein og trygg mat.

Akkurat no ser Dordi lysare på ei framtid som bonde enn for berre få år sidan.

– Folk vil ha reine råvarer. Det kan den norske bonden levere, seier odelsjenta.

Også den politiske viljen til å styrke matproduksjonen, òg på mindre bruk, er større no enn tidlegare, meiner Dordi. Det lovar godt for odelsjenta frå Indre Sogn.

– Kan hende må eg «subsidiere» gardsdrifta med litt jobb utanfor. Men eg legg aldri ned garden. Det skjer ikkje, seier ho.

«Sjå etter Nyt Norge-merket.
Det er den beste garantien du har.»

Dordi Lerum

Svært sårbare

Men sjølv om framtida ser lys ut, så er det noko som skurrar. Ein djupdykk ned i statistikk og tal viser at det er uendeleg langt igjen til å nå målet om 50 prosent sjølvforsyning.

– Vi importerer langt over halvparten av maten vi et og er eit av verdas minst sjølvforsynte land.

Dordi veg orda sine. Vil ikkje kritisere andre bønder sine val og produksjonar, men ho veit at skal vi nærme oss målet må vi produsere meir korn, grønsaker, potet, frukt og grønt.

– Det er ikkje lett å få til på eit bratt bruk 500 meter over havet. Me har sau. Punktum, seier ho.

Nettopp difor meiner Dordi det er avgjerande at beitenæringa ikkje sakkar akterut for andre produksjonar.

– Norsk matproduksjon er tufta på dei naturgitte ressursane våre, nemleg beite. Det må vi utnytte, seier ho.

ANNONSE

Foto: Privat

Foto: Privat

Norsk mat er ikkje dyrare

At norsk mat er dyr meiner Dordi er ein myte. Ho mistenker aktørar i matmarknaden for å ha ei eigeninteresse i at norsk mat blir oppfatta som dyrare enn import.

For Dordi handlar det om livsstil og vanar. Sjølv har ho redusert matutgiftene etter at ho vart norsketarianar.

– Før kunne eg stikke innom Narvesen og kjøpe ein bagett når eg var svolten. Ei pølse. Litt smågodt og brus til helga. Det skjer ikkje lenger, seier Dordi.

No har ho alltid med seg niste i veska. Heilnorsk. Og ho handlar gjerne på REKO-ringen, direkte frå bonden.

Sjå etter Nyt Norge

Valet ho tok for snart tre år sidan har på mange måtar vore livsendrande for lærarstudenten og odelsjenta. Dordi si stemme blir no lytta til i samfunnsdebatten.

Ho blir invitert til å halde innlegg og føredrag på skular og universitet, på konferansar og festivalar. Nye plattformar, langt utanfor landbruket sine inste kretsar.

Bodskapen er enkel: Landbruk i heile landet, liv i bygdene og meir norsk mat på bordet.

– Eg vil ikkje ta kaffien eller laurdagsgodteriet frå folk, men bruk forbrukarmakta di. Sjå etter Nyt Norge-merket. Slik kan vi auke sjølvforsyninga og styrke beredskapen her til lands, seier ho, og minner om at 90 prosent norsk er betre enn 100 prosent import.

– Er det noko du ville gjort annleis?

– Eg skulle ha starta med dette mykje tidlegare. No veit eg kor mykje god mat eg har gått glipp av, seier Dordi.

Bruk forbrukarmakta

Dordi oppmodar folk til å vurdere gode norske alternativ i butikken, og gir følgjande døme på korleis norsk mat kan erstatte import:

  • Ris kan du erstatte med norsk bygggryn. Smakar fantastisk og kan brukast på same måte som ris. Og er eit rimelegare alternativ.
  • Smør i staden for margarin – også for smaken sin del.
  • Salt: Vi menneske overlever lenge om vi får vatn og salt. Eg har aldri tenkt på kor saltet kjem frå. Heldigvis er det norske produsentar som haustar inn salt frå sjøen. Her kan du få mange spennande variantar.
  • Fredagstacoen: Her finst det mange gode alternativ, ikkje minst fungerer norske potetlomper supert som lefse til tacoen. I staden for maistortilla.
  • Ost: Norske ostar går dei importerte ein høg gang i smak og kvalitet.

Dordi Lerum sitt prosjekt

  • Norsketarianar: Å leve av berre norsk mat og drikke.
  • Mål: Meir bevisste forbrukarar og auka norsk sjølvforsyning.
  • Draum: At fleire unge ønsker å ta over gardsbruk og satse på eit yrke som bonde. Eit levande landbruk i heile landet.
  • Merksemd på kor viktig norsk matproduksjon er for levande bygder, for kulturlandskap, og for klima.