Gule erter: AM Nutrition har foredla gule erter til planteingrediensar gjennom ein tørr luftklassifiseringsprosess utan bruk av vatn eller kjemikaliar. Foto: Istock / jirkaejc
ATTLEGG:
AM Nutrition avviklar drifta
– Pressa marginar i internasjonale marknader har over tid gitt negative resultat, seier Roar Feedt, fungerande dagleg leiar i AM Nutrition.
Jofrid Åsland Gilje
Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA) har vedteke å avvikle drifta i dotterselskapet AM Nutrition AS etter 19 år. Det kjem fram i ei pressemelding.
Bakgrunnen for avviklinga er svake resultat over tid som følgje av pressa marginar i dei internasjonale marknadene. Det opplyser FKRA i ei pressemelding.
«Me ventar inga betring på kort sikt, og selskapet gir ikkje den avkastinga som låg til grunn for satsinga. Difor avviklar me drifta.»
Roar Feedt
– Pressa marginar i internasjonale marknader har over tid gitt negative resultat. Me ventar inga betring på kort sikt, og selskapet gir ikkje den avkastinga som låg til grunn for satsinga. Difor avviklar me drifta, seier Feedt.
Roar Feedt
Foto: FKRA
Selskapet, som er lokalisert på Kvaleberg i Stavanger, omset årleg for rundt 250 millionar kroner og foredlar vegetabilske råvarer til næringsmiddel og dyrefôr. Avviklinga råkar 27 tilsette, fordelt på 23 i Stavanger og fire i Danmark.
– Me skal ta vare på dei på ein god og respektfull måte. Prosessen har så langt vore ryddig, med dialog med dei tillitsvalde. Me følgjer opp kvar enkelt med tydeleg informasjon og dialog, og avklarar moglegheiter for anna arbeid i konsernet. Eventuell fortrinnsrett til ledige stillingar i konsernet blir teken vare på i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk og vilkåra for den enkelte, seier fungerande dagleg leiar i AM Nutrition.
Det finst nye moglegheiter for fabrikkanlegget. Planen er å bruke anlegget til å foredle råvarer til eiga kraftfôrproduksjon hjå FKRA, som ein del av samvirket si satsing på betre utnytting av norske råvarer.











