Liv Kristin Sola

2. klasse på Hjelle skule var på gardsbesøk hjå Knut Tore Nes Hjelle, ein vårdag i slutten av april.

Elevane fekk sjå det nye sauefjøset på garden. Sauene var godt i gang med lamminga. Dei som ville, fekk gje kopplamma mjølk frå flaske.

– Av dei 16 elevane i klassa, er det bare nokre få som har tett tilknyting til gard. Dette er eit fint høve til å koma i nærkontakt med dyr og oppleva litt av livet på ein gard, seier lærar, Elisabeth Årskog.

Elevane stilte spørsmål til bonde, Knut Tore, som svara etter beste evne.