HØYR!

– Nok eit døme på diskriminering

26. november 2021

Vi hamnar dermed i same kategorien som avløysaren på garden

– Kvinnediskriminering i landbruket skuldast strukturfeil og haldningar på ville vegar, seier bonde Marianne Aschehoug Lunåsmo. Ho reagerer sterkt på Tine sitt nye påloggingssystem der berre «hovudbrukar» får logge seg inn.

Sjur Håland

– Partnar til hovudbrukar er ikkje ein gong nemnt i instruksjonen til påloggingssystemet. Slik det er no, må partnar be om tilgang frå hovudbrukar. Vi hamnar dermed i same kategorien som avløysaren på garden. Då eg oppdaga dette, rauk alle sikringane mine på ein gong, seier Lunåsmo.

Ho og mannen driv med mjølkeproduksjon, sau og ammekyr i Tynset i NordØsterdalen. Lunåsmo er blant dei som har kasta seg over tastaturet på sosiale media og i ganske så heftige ordelag kritisert Tine sitt nye system for pålogging til deira medlemssider.

– Dette er nok eit døme på diskriminering av kvinner grunna eit stort strukturproblem i landbruket, seier ho.

Lunåsmo er ikkje åleine. Ho seier at ho stadig pratar med kollegar som opplever å bli diskriminert på ulike område. Lunåsmo aksepterer at Tine ikkje kan gjere så mykje med sjølve påloggingssystemet.

– Men dei kan møta oss på ein annan måte enn dei gjer. Når kvinnene ikkje blir fanga opp og sett av systemet, burde i det minste Tine anerkjenne alle desse kvinnene.

– Du skriv i ein nettkommentar at kvinner i landbruket blir trykt ned kvar einaste dag. Kva meiner du med det?

– Landbruksføretaka her i landet er stort sett organisert som enkeltpersonsføretak. Der er det berre plass til ein person, medan partnaren blir usynleg. Eg meiner det skal og må vera plass til begge.

Medan partnaren til hovudbrukaren, som ifølgje Lunåsmo oftast er ei kvinne, tar ut inntekt og har rett på sjukepengar, er ho ikkje ein gong formelt tilsett på garden.

– Konsekvensen er at ho blir usynleg i systemet.

Lunåsmo understrekar at påloggingssaka langt frå er første gongen ho er borti problemstillingane. Og ho langt frå er åleine om å vera oppteken av likestilling i landbruket.

– Vi er mange. På Agroteknikk-messa er det sett av ein heil dag til nettverksarbeid og møte mellom kvinnebønder. Det er viktig og kjempebra.

Der reknar ho med å få høyre fleire historier frå det som burde vore gufs frå fortida, men som framleis førekjem. Om traktorseljaren som må ha stadfesting frå «far» før ho får kjøpe traktoren, eller seljaren som møter kona på garden og ber om å få snakke med «sjefen».

– Eg blir ikkje sint utan grunn.

– Korleis kan landbruket jobba mot slike haldningar?

– Vi kan jo starta med å slutta å bruka stygge ord om dei som orkar å protestere, seier Lunåsmo.