Bondelaget i Time har i fleire år invitert elevane i 9. klassane å skulane i Time kommune, til gardsbesøk.

 

Liv Kristin Sola

 

Bondevennen fekk vera med då 130 elevar frå Bryne ungdomsskule var på gardsbesøk hjå Kristian Vinningland på Time utanfor Bryne, Rogaland. Kristian produserer mjølk i lausdriftsfjøs med mjølkerobot, og har i tillegg litt gris.
Mange av elevane kunne fortelja at dei ikkje hadde vore på gardsbesøk sidan barnehagen. Bøndene som inviterte er opptekne av at ungdommane skal få sjå kor maten kjem frå, og gje dei eit innblikk i dei ulike arbeidsoppgåvene som skal gjerast på ein gard.
– Me vil visa omfanget av landbruket i Time kommune, og i Jærregionen. Me ønskjer og å informera 15. åringane om det å vera avløysar på gard, seier Arne Berge, som er leiar i  Time bondelag.

For dei som er interesserte i jobb som avløysar, vert det arrangert kurs på hausten og våren for å rekruttera nye til ungdom jobben.