Sluttdato for olja? Avlyse konsesjonsrundar? Trekka tildelte leitelisensar? Eit kan du vera sikker på. Når spørsmål som desse dukkar opp, ilar representantar for den fossile karbon-næringa til og forsvarar opne kranar. Sjølvsagt gjer dei det. Det handlar om enorm verdiskaping, pengar i statskassa og titusenvis av arbeidsplassar. Om sjølve produksjonsgrunnlaget deira.

Jord er også karbon. Levande karbon. I motsetnad til olja, er den verdifull når den berre ligg der. For jord fangar og lagrar klimagassar. Heldt på dei stadig striare straumane med vatn. Er klodens største økosystem og heim til tallause skapningar over og under torva. Ved dyrking blir den til livsviktig næring for folk og fe – næring som ved foredling utgjer milliardar av kroner, og mange, mange arbeidsplassar.

Kontrasten til den høglytte oljedebatten er likevel påtakeleg når ei jordvernsak ein sjeldan gong bryt den nasjonale lydmuren. Der olja med rette blir diskutert ut frå eit overordna perspektiv, blir jordvernsaker presentert som lokale. Ansvaret for å formidla at det er ein felles, samfunnskritisk, ikkje fornybar og knapp ressurs, fell gjerne på lokale entusiastar. I høgda på bondelagsrepresentantar eller miljøvernarar.

Der leverandørindustrien, tunge interesseorganisasjonar og fagforeiningar går i krigen for oljeselskapa, er landbruket og næringsmiddelindustrien oppsiktsvekkjande tause når det gjeld å tryggja sin eigen ressurs – jorda.

Rett skal vera rett, gjennom verksemda si bidreg landbruks- og matføretaka til den beste forma for jordvern – eit aktivt jordbruk. Men når samfunnet set omfattande nedbygging som ein føresetnad for stadig meir infrastruktur, er det diverre ikkje nok. Når etablering av datasenter, batterifabrikkar, vertikale veksthus, vindturbinar og vegar på matjord og natur blir selt inn som del av «det grøne skiftet», må alarmklokkene gå heilt til topps i landbruket.

Slik oljeselskapa for lengst har innsett at dei ikkje berre kan pumpa på, må også landbruks- og mataktørane stå opp for jorda når den er truga. Der «næringslivsinteresser » og «andre samfunnsinteresser » oftast trumfar jordvernet, må samvirka og næringsmiddelaktørane seia at «nok er nok». No må dei slå tilbake, som det grøne og samfunnskritiske næringslivet dei er. Alt ansvarleg næringsliv burde sjølvsagt støtta opp, og påleggja seg sjølv forbod mot etablering på matjord og natur.

5. desember,førstkomande sundag, er Verdas jorddag. Målet med FN-arrangementet er å formidla kunnskap om jordsmonnet i verda og mana til handling for å trygga det. Dagen har blitt markert sidan 2014, utan at det har vekt større merksemd. Det må endra seg. I det oljenæringa bur seg på å ein dag å skru att kranane og sløkkja lyset på sokkelen, er det på høg tid at landbruksnæringa skrur opp volumet og retter lyskastarane ned. Mot sitt eige produksjonsgrunnlag.

Bothild Å. Nordsletten