Det er oppdrift i landbruksnæringa. Så meinte iallfall landbruks- og matminister Sandra Borch i ein tale til fjørfebøndene i Rogaland nyleg. Og ho er ikkje aleine. Frå ministerstolen før henne meinte Listhaug, Dale, Hoksrud og Bollestad det same: Det går godt.

Mon det.

Midt i desember, i forsøket på å oppsummera eit hendingsrikt år, er det freistande å ty til Charles Dickens kjende innleiing i romanen «To byar» frå 1859.

«Det var den beste av alle tider, det var den verste, det var visdommens tidsalder, det var dumskapens, det var trua sin gullalder, det var vantruas, det var lysets epoke, mørkerets epoke, det var håpets vår, fortvilingas vinter, alt låg framfor oss – og ingenting; me flaug mot himmelen, me styrta ned mot avgrunnen.»*

Me tar det beste først: For visst er det optimisme og grunn til glede i næringa vår. Bøndene som held stand produserer meir, tryggare og betre mat enn nokon gong før. Me har fått ei ny og tilsynelatande jordbruksvenleg regjering. Og takka vere Bondeopprøret har styresmaktene forplikta seg til ei tidfesta tetting av inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. Eit utval er sett ned for å finna eit riktigare talgrunnlag for jordbruksoppgjeret. I mellomtida blir den steile prisauken på gjødsel og byggevarer kompensert med 754 millionar kroner. Tala frå driftsgranskingane 2020 viser inntektsauke for mjølkebøndene i Bondevennens område i sør og vest. Og frå nyåret skrur Nortura opp prisane til bonden. Jau, på tampen av 2021 er det lov å vera forventingsfull.

Men som i Dickens’ analyse har tidsbilete ei alvorleg bakside. Gjennom året har me sett bønder som ikkje får det til å gå i hop og som gjev seg. Arbeidspresset er for stort. Løna så alt for låg. Den førespegla støtta til omstilling til lausdriftskrav for vag, og miljøet som kunne bakka deg opp borte. Galopperande utgifter til gjødsel, byggmaterial, kraftfôr og straum gjer det vanskeleg å planlegga for neste sesong, for ikkje å snakka om for eit heilt år fram. På tampen av 2021 er du ikkje ein sytepave om du fortvilar.

At to så vidt ulike oppfatningar av stoda i landbruket kan eksistera side om side, vitnar om ein alvorleg mangel på stabilitet og føreseielege rammer for næringa. Uvissa dette fører med seg for kvar bonde, så vel som for heile matproduksjonen, gjer at norsk landbruk i røynda liknar eit eksperiment. I ei verd med stigande matvareprisar, rådyr gjødsel, minkande råvarelager og ustabilt klima, driv me gambling på høgt nivå. Det er uklokt.

Til neste år må regjeringa innfri dei mange løfta dei har gitt landbruket. Undervegs må det stakast ut ein stødigare kurs som minskar det inntrykket av lagnadsstyring som no kjenneteiknar utviklinga.

Bondevennen ønskjer alle, ikkje minst dei som står framfor viktige vegval, ei god jul og eit optimistisk nytt år.

*Redaktørens omsetting

Bothild Å. Nordsletten