HØYR!

Bekymra over aukande osteimport

25. mars 2022

Det blir ikkje rett av Tine å kritisera butikkjedene for å selja ost importert frå utlandet

Osteimporten til Norge aukar. Det bekymrar styremedlem i Tine, Asgeir Pollestad, som vil møta importen med innovasjonar i lag med forbrukarar og butikkar.

Sjur Håland

– Me må til ei kvar tid levera og treffa med nøyaktig dei produkta og pakningane som butikkane vil ha til sine kundar, seier han.

Talas tale frå Landbruksdirektoratet sin nyleg publiserte marknadsrapport er tydelege. Frå 2020 til 2021 auka osteimporten til Norge med ni prosent i verdi, og ti prosent målt i mengd. Dei siste ti åra er importen av ost dobla. I 2021 vart det importert 17.387 tonn ost til ein verdi av 1.245 millionar kroner.

– Når me totalt sett ikkje et meir ost, er det klart at dette gir grunn til uro, seier Pollestad.

Han seier at det komplette biletet er krevjande å analysera, men held fram som positivt at avstanden mellom det norske prisnivået og prisane på mjølkeråvarer i EU har blitt redusert siste året.

– Tregheit i marknaden og faste avtalar med importørar gjer at ein likevel ikkje ser effekten av dette med ein gong.

Pollestad meiner det er grunn til å håpa at importen vil bremsa opp.

– Samstundes veit me at når importkanalane først er etablert, så ligg dei der. Det er jo eit fakta at dei tollfrie kvotane på 8.400 tonn frå EU og 200 tonn frå EFTA framleis vil føra til import av tollfri ost.

– Auka import er vel ikkje noko Tine jublar over?

– Nei, slett ikkje. Osteimporten går ikkje berre ut over Tine, men påverkar heile den norske mjølkeproduksjonen. Importen utgjer eit tapt volum med tilhøyrande verdiskaping for norske mjølkeprodusentar og næringsmiddelindustrien vår.

Importauken omfattar alle typar ost. Noko av importen gjeld spesialostar som ikkje elles er å få kjøpt i Norge.

– Men det er eit forsvinnande lite volum, understrekar Pollestad.

– Er ikkje mangfaldet og kvaliteten på norsk ost god nok?

– Dette handlar nok meir om handelsdynamikk. Dei som sel importvarer er dei same som sel våre produkt og genererer store verdiar for norske mjølkeprodusentar. Det blir ikkje rett av Tine å kritisera butikkjedene for å selja ost importert frå utlandet.

– Kva er eigentleg Tine sin strategi for å selja meir ost basert på norske råvarer? Det er å utvikla produkt som kundane vil ha. Det er først og fremst i marknaden Tine må lukkast. Men me arbeider også heile tida politisk med mål om å styrka konkurransekrafta til den norske mjølka.