image description

Statsbudsjettet har ei økonomisk rame på 1.200 milliardar. Oljefondet får til samanlikning ein berekna marknadsverdi på 6.000 milliardar i 2015. Få land i verda kan vise til tilsvarande pengebinge, sett i forhold til folketal. Regjeringa rår over store økonomiske verdiar, enn så lenge handlar det om kva ein vil prioritere, kva økonomisk retning og verdiar ein vel for samfunnet og for den enkelte.
– Den ideologiske retninga i budsjettet er klar. Det er ikkje nokon revolusjon, men ei målbevisst endring av samfunnet, skritt for skritt, kommenterer avisa Vårt Land på leiarplass om årets statsbudsjett.

Det er for enkelt å lausrive økonomisk vekstfilosofi frå sosialøkonomisk tenking. Det gjeld for samfunnet som i dei fleste andre forhold, ein er ikkje sterkare enn den svakaste lenka. Når Norge ligg på verdstoppen i rankinga over dei landa i verda som er best å bu i, fortel det om eit land som har viktige verdiar å ta vare på. Oljerikdom med økonomisk velstand og tilnærma full sysselsetting er sjølvsagt avgjerande, men viktige fellesverdiar som trygge velferdsordningar, regulert arbeidsliv og små forskjellar mellom folk er truleg like viktige for topp score.
Når regjeringa gir 213 millionar til dei 100 rikaste i Norge, blir det lite truverdig når finansminister Siv Jensen slår fast at ”dette er et budsjett med en veldig god sosial profil”.

Grunngjevinga for regjeringa sine skatte- og avgiftsgrep er styrking av næringslivet, med vekst og arbeidsplassar som resultat. Rett nok, men vi har ikkje råd til å miste grunnleggande verdiar ved det norske samfunnet, den sosiale dimensjonen. Trenden, i retning forskjellsamfunnet, er den same i USA og i EU, og den er slett ikkje ny i Norge.
– Ulikhetsutviklingen i Norge de siste 10 årene har vært på nivå med Storbritannia, og de rike i Norge har dradd fra med større kraft enn i Frankrike og Tyskland, seier skatteforskar Rolf Aaberge ved Statistisk sentralbyrå, i ein kommentar til avisa Klassekampen.

Utforming av landbruks- og distriktspolitikk, miljøansvar og vern om dyrka jord handlar om politiske verdival. Det er å vona at regjeringa i større grad tek samfunnsanalyse og verdiforankring med i den økonomiske politikken.
Vi trur at fordeling av godane gjer Norge til eit betre land å bu i, enn politisk tilrettelegging for uhemma formuesoppbygging for nokre få. Økonomisk stabilitet og gode levevilkår for folk flest heng saman med fordelingspolitikk og gode fellesskapssløysingar.
Kva verdigrunnlag blir styrande for framtidssamfunnet? Årets statsbudsjett kan bli eit steg i feil retning.

 

Eirik Stople