
Godt samarbeid: Avlsrådgivar Gro Knutsen er innom hjå bonde Lars Vassend fire gonger i året. – Eg må bli utfordra på nye mål, elles sovnar eg vekk, seier Lars.
Alltid undervegs
Avdråtten auka med 2000 kilo EKM då Lars Vassend bytta ut mjølkegrava med robot. Men eit spissa avlsarbeid og betre kalvestell kan også vise seg å vere jokerar i drifta.
Liv Kristin Sola
Det har blitt romslegare i fjøset til Lars Vassend på Høgset Gard i Porsgrunn. På det meste hadde han over 70 årskyr. No er talet nede på 58. På same tid er kvoten auka frå 500 til 530 tonn. Roboten har mykje av æra. Den kom på plass i 2019, og ytinga auka frå åtte til ti tusen kilo EKM, per årsku – på tre år.
– Fleire mjølkingar ga meir mjølk, og vi måtte redusere talet på kyr. Det gir meir plass i fjøset og mindre trykk på roboten, og lettar arbeidet, forklarer Gro Knutsen.
– Eg hadde eit mål om 9000 liter, så no er det berre å legge seg bakpå, fleipar Lars, og får eit skeivt blikk frå rådgivaren.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

