Sjølvberging: Poteten kan dyrkast nærast over alt og er ein viktig del av den norske matberedskapen.

Sjølvberging: Poteten kan dyrkast nærast over alt og er ein viktig del av den norske matberedskapen.

Arrangerer stormøte om mat og beredskap

24. februar 2025 | Aktuelt

Viktigare tema enn nokon gong, seier nestleiar i Nærbø Bygdekvinnelag, Ann Kristin Haave Amundfoss, til Bondevennen.

 Sjur Håland

Eit blikk ut på dei store hendingane i verda for tida, kan gi eit utriveleg og kaotisk inntrykk. Det meste ser ut til å kunna gå av skaftet.

Men ikkje på Jæren. Bygdekvinnelaga i Klepp, på Nærbø og Varhaug held bakkekontakten. På stormøtet i Nærbø samfunnshus 6. mars kl 19.00 inviterast alle interesserte til møte med mat og beredskap som tema.

– Tema gjorde seg eigentleg sjølv, slik det ser ut nå. Behovet for norsk mat og matberedskap treff oss alle og er viktigare enn nokon gong før i nyare tid, seier nestleiar i Nærbø Bygdekvinnelag, Ann Kristin Haave Amundfoss, til Bondevennen.

Innleiarane:

Til møtet kjem lokalgründer Edel Urstad, som har starta eit grasrotopprør med folkemøte over heile landet med mattryggleik, forbrukarmakt og levande lokalsamfunn som tema. I tillegg kjem Johanna Johansson og Aleksander Brimsø Systad frå Bogsdalen Gard i Hå. Sjølvberging er eit nøkkelord i gardsdrifta deira.

– Her blir det masse inspirasjon å henta og mange å prate med. Møtet er for alle. Unge, eldre, kvinner og menn. Me har god plass til alle som er interesserte, seier Haave Amundfoss.

Og, ingen skal gå svoltne frå møtet. Kortreist lapskaus og heimelaga kaker står på menyen.

– Det er jo den viktige maten som er tema. Nå er våronna på åker og eng og i hagen like om hjørnet. Dette handlar om grunnleggjande beredskap både for den enkelte og for nasjonen, seier Haave Amundfoss.

Påmeldingsfristen er 1. mars. Du finn påmeldingsinformasjon på bygdekvinnelaga sine Facebook-sider.

Ann Kristin Haave Amundfoss. Foto: Guro Hansen

Ann Kristin Haave Amundfoss.
Foto: Guro Hansen