Bamble Bondelag vart igjen kåra til beste lokallag på årsmøtet til Telemark Bondelag.
Jane Brit Sande
– Me har fleire gode lokallag i fylket, men Bamble er fortsatt best. Det er ingen over, og ingen ved sida. Bamble Bondelag er igjen årets lokallag i Telemark, sa fylkesleiar Aslak Snarteland under utdelinga av prisen.
Prisen er en nominasjon til kåringa på årsmøtet i Norges Bondelag. Bamble Bondelag ble i 2015 kåret til årets lokallag på årsmøtet til Norges Bondelag, og det blir spanande og sjå om de hentar heim den gjeve tittelen på ny.
– Veldig gøy å bli nominert til årets lokallag i år igjen. Det er motiverande for å gjere ein god jobb vidare, sa Jannicke Holmgren Stokke, nestleiar i Bamble Bondelag.
Fleire aktiviteter
Gjennom heile året har Bamble Bondelag fleire aktivitetar på kalenderen, både for medlemmar og nærmiljø. Det blir arrangert besøk frå både barnehagar og sjukeheim på gardane. Førskulegruppa i Rønholt Barnehage får koma på gardsbesøk fleire gonger gjennom året, og både kalving, kuslepp, og slakting er av hendingane ungane får med seg. Aktiviteten blir synleggjort på lokallaget si eiga Facebook-side.
– I tillegg er dei veldig flinke på politisk aktivitet, fortel organisasjonssjef Jan Thorsen.
– For eksempel greidde dei å få kommunestyret einstemmig mot konsesjonslova, og det i ein kommune der det då var FrP-ordførar og varaordførar frå Høgre.