På landsbygda er det framleis vanleg å møte hestetransport langs vegane. Her ser vi ein familie på veg ut for å hauste årets potetavling.

På landsbygda er det framleis vanleg å møte hestetransport langs vegane. Her ser vi ein familie på veg ut for å hauste årets potetavling.

Etter ein vellukka tur i fjor haust til Romania, der det var fleire som ville vera med enn vi hadde plass til, tilbyr vi ny tur i år. Tilbakemeldingane frå dei som var med var svært gode, og inntrykka var mange frå eit land med store kontrastar.

Eirik Stople

Vi presenterer her ei skisse for turen. Når vi ser om det er stor nok interesse, vil vi laga eit detaljert program. Ei påmelding nå vil difor berre vera foreløpig. Vi må minst vera 40 personar for å ha grunnlag for ny tur. Bindande påmelding blir først når endelig program er ferdig.

Skisse for turen

Turen startar frå Sola onsdag 26.august kl 13.25 og vi er framme i Cluj Napoca om kvelden. Vi vil bruka hotellet i Cluj som base fyrste del av turen. Her er det moglegheit for bade- og avslapping med basseng, spa og andre tilbod. Byen har store handlesenter for dei som ynskjer å handle. Vi vil også besøke nokre gardsbruk i området med sau- og mjølkeproduksjon.
Eit av høgdepunkta på turen blir ein dag i landsbyen Zimbor. Her får vi møte lokalbefolkninga og sjå korleis dagliglivet er i ein rumensk landsby.
Folket i landsbyen vil lage eit program med hestetransport ut til ein sauebonde som framleis driv tradisjonell handmjølking av sau og geiter.
Vi blir inviterte inn i ein heim og får oppleve korleis det er å bu på landsbygda i Romania. Dagen blir avslutta med at folket i landsbyen lagar ein hyggeleg fest for oss med rumensk mat og drikke.
På siste del av turen reiser vi nordover til området Maramures. Dette er ein region som ligg nord i landet. Området er prega av vakker og variert natur med fjell og frodige landskap. Maramures har mykje å by på, og er etter mange si meining den vakraste delen av Romania. Med stor avstand til Bukarest, har dei utvilkla sin eigen kultur og tradisjonar, lite påverka av andre. Her finn vi mykje av den opphavlege kulturen i Romania. Folket er svært medvitne på at dei er frå Maramures. Les meir på www.visitmaramures.ro Etter nokre opplevingsrike dagar i Maramures, reiser vi tilbake til Cluj Napoca, der vi overnattar før heimreise torsdag 3. september. Flyet landar på Sola ca kl 13.00.

Påmelding m.m.

Prisen for turen blir som sist, 12.500 kroner per person. Då er fly, buss, hotell, inngangsbillettar og måltider inkludert. Mat på flyreisa fram og tilbake er ikkje inkludert.
Styreleiar i Bondevennen, Ivar Kvinlaug og rumensk guide, blir med som reiseleiarar.
Vi tek atterhald om mindre justeringar for turen. Alle, med foreløpig påmelding, vil få detaljert program før endeleg påmelding. Som før, blir det «fyrste mann til mølla» til det er fullt.
Vi ber om førebels påmelding til tlf 51 88 72 61 eller på e-post: bond@fkra.no
Har de spørsmål om turen, kan de kontakte Ivar Kvinlaug, på telefon 90 95 26 13.

Besøk i barndomsheimen hjå guiden vår, Stelian Popita. Her  saman med mora.

Besøk i barndomsheimen hjå guiden vår, Stelian Popita. Her saman med mora.

Vakkert «alpelandskap» i Moldovia.

Vakkert «alpelandskap» i Moldovia.