Innspeling pågår: På nyåret er Ingvild Luteberget Nesheim og Magnus Haugland klare med dei første episodane av Bondevennens fagpodcast, spelt inn i felt og i ABCStudio i Etne. Foto: Kjetil Ulland

Bondevennen lanserer podcast. Frå 14. januar får du topp fagleg oppdatering rett inn på øyra. – Og den skal det lukta fjøs av, lovar redaktøren.

Sjur Håland

Bønder er som folk flest. Stadig fleire av dei har klokker eller proppar i øyrene og lyttar til podcast, anten det går i krim, dokumentar eller avslappande bla-bla. No hiv Bondevennen seg på lydbølgja og lanserer sin eigen fag-podcast. Arbeidet med dei første episodane er for lengst i gang.

– Me er svært spente, seier programleiar Ingvild Luteberget Nesheim.

Ho og podcastkollega Magnus Haugland har alt vore i studio, og lovar episodar om blant anna feittprosent i mjølk, hjort og avlingstap, mjølkefeber og lønsam grovfôrproduksjon. Kanskje blir det også episodar om gris.

Premierenervar

Og dei to veit kva dei snakkar om. Luteberget Nesheim er til dagleg rektor ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke, og Haugland er lærar same stad og rådgivar hjå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Premierenervane er likevel til stades.

– Ja, og det er fordi det er så viktig med eit proft resultat. Målet er at folk skal lika det dei høyrer og at dei vil bli nysgjerrige på å læra og forstå meir, seier Luteberget Nesheim.

Programleiarane skal også ut av studio og trekka på fagekspertisen til bønder og andre fagfolk. Førebels er det planlagd 30 episodar i 2022.

For alle husdyrbønder

– Podcasten vår skal lukta fjøs, seier redaktør i Bondevennen, Bothild Å. Nordsletten.

Ho lovar episodar som pløyer djupt og tilbyr fagstoff tilpassa vårt oppland, men som husdyrbønder over heile landet òg kan ha glede og nytte av. Også økonomi og tema som mange kan oppleva som tungt skal formidlast på folkeleg vis utan at lyttarane fell av lasset.

– Me vil strekkja oss langt for å bli den beste landbrukspod’en, seier ho, og ber lyttarane koma med tilbakemeldingar og tips under vegs for å utvikla produktet.

– Kvifor skal folk lytta på denne podcasten?

– Her skal travle bønder og bondevennar få aktuelle oppdateringar om stankelbein eller beiteslepp rett inn på øyra, når dei treng det. Me skal knyta episodane til husdyrproduksjonane og følgja sesongane. Og sjølvsagt prøva å gi deg svara på dei gode spørsmåla du har.

Kunnskap for god drift

Programleiar Magnus Haugland er sjølv bonde og ivrig podcastbrukar. Han veit at bøndene ofte går med radio eller podcast på øyra.

– Sjølv likar eg best podcast’ar som eg lærer noko av, seier han.

Slik skal også Bondevennen sin podcast bli.

– Den skal handla om å lære noko nytt og om å systematisera kunnskap som ein eigentleg kunne frå før på ein god måte, seier Haugland.

Han ønskjer å formidla tema som kan bidra positivt ute på gardsbruka.

– Rammevilkår og overordna landbrukspolitikk er viktig, men me må ikkje gløyma den daglege drifta, seier han.