FRAMLEIS LEDIGE PLASSAR

bv18_aktuelt1c

 

I 2012 og 2013 arrangerte Bondevennen to turar til Sør-Afrika. Konklusjonen frå dei som deltok var klar, dette bør fleire få oppleva.

Eirik Stople

I år arrangerer me ein 18 dagars tur frå 17. november til 5. desember, der me framleis har ledige plassar. Turen blir gjennomført i samarbeid med OK

Reiser, og Beyond Reach Africa i Sør-Afrika.
Årets tur går mykje etter same opplegget som tidlegare, der me får med oss eit tverrsnitt av landet i løpet av 18 dagar. Turen inneheld tre hovudelement: Cape Town og omgjevnadene, Garden Route og Kruger Nasjonalpark – men òg med mange opplevingar mellom desse hovudelementa.
Sør-Afrika har mykje å tilby når det gjeld vakker natur, eit fantastisk dyre- og planteliv, godt klima, venlege folk – og svært mykje meir.

Her finn du detaljert program for turen (klikkbare lenker):

Norsk: 17 dagers tur til Sør Afrika

Engelsk: South Africa 18 Day 2016 

 

Sjå kontaktinformasjon nedst i artikkelen, ta kontakt om du lurer på noko.

(Saka held fram under biletet)

bv18_aktuelt1b

Hovudpunkt på turen

Det blir avreise frå Sola tidleg på morgonen den 17. november, og me landar i Cape Town om kvelden. Me skal få med oss mykje frå den vakre byen Cape Town med Table Mountain, Robben Island og Waterfront. Me skal til ein av dei enorme busettingane, for den svarte befolkninga, i utkanten av byen og me besøker Cape Point og Kapp Gode Håp. På veg til kystbyen Hermanus, der skal me sjå på kvalar som kjem inn til kysten her for å kalva.
Så går turen inn i landet, gjennom Sør-Afrikas kornkammer, Overbergregionen, til Route 62. På vegen besøker me den rolege, vesle byen Montagu, sentrum i den lengste vinruta i landet.
Dagen etter dreg me ut til Robertsonområdet for vinsmaking. I dette vakre dalføret er det stor vinproduksjon, men også mykje fruktdyrking. Me skal vidare ut på Knysna Lagoon, med båt, og til eit naturreservat. Turen går vidare på Garden Route mot Port Elizabeth. Men før me kjem dit, har me vore innom både «apekattland» og Tsitsikamma Nasjonalpark, og ein elefantpark.
Den 13. reisedagen flyg me til Johannesburg. Her går turen til Kruger Nasjonalpark med sitt imponerande dyreliv. Sist fekk me sjå svært mykje dyr av ulike slag, på nært hald, og det er ingen grunn til å tru at det skal bli færre i år. Eit desidert høgdepunkt for mange – blant dei mange høgdepunkta på turen.
Dag 17, søndag 4. desember, reiser me heim og landar på Sola, måndag 5. desember kl 12.25.

(Saka held fram under biletet)

bv18_aktuelt1d

Fjellformasjonane The three Rondawells er bare ein liten del av den fantastiske naturen.

Generelle opplysingar

Turen kostar 33.500 kroner pr. deltakar. Tillegg for enkeltrom blir kr. 5.500. I prisen er alt inkludert. Hotella er av tre- og firestjerners standard.
Dette blir ”ein tur for livet”. Ver rask og meld deg på, den som kjem først til mølla… Frist for påmelding er måndag 23. mai.
Påmelding til post@bondevennen.no, eller telefon 51 88 72 61. Har du spørsmål om turen, ta kontakt med Ivar Kvinlaug, mob. 909 52 613.