
Velting: Maskinar som tippar over går att som ei årsak ved dei mest alvorlege ulukkene i dansk landbruk. Illustrasjonsbilete: Istock / SimplyCreative Photography
ATTLEGG:
Danskane tar grep mot ulukker
Ekspertgruppe varslar fleire kontrollar for å få ned talet på ulukker i dansk landbruk.
Sjur Håland
Dansk landbruk har ein dyster ulukkesstatistikk. Dei siste åra har det årleg vore kring 500 arbeidsulukker. Fem personar har årleg mista livet. Ei ekspertgruppe, etablert av Folketinget, seier til Danmarks Radio at det mest risikoutsette arbeidet handlar om bruk av store maskinar. Maskiner som velter over bonden er dessverre eit typisk eksempel som går att halvparten av dei gongene det går riktig galt. Maskinar som veltar treng ikkje vera store. Minilastaren er eit eksempel på ein reiskap som ofte veltar.
Ekspertgruppa tilrå nå fleire tiltak for å få ned talet på ulukker. Tilrådingane handlar mellom anna å betra tryggleiken ved å for eksempel fase ut eldre modellar av maskinar. I tillegg blir det teke til orde for å auka talet på kontrollar ute på gardane.
Kjelde: dr.dk