
Kostar: Manglande fôring er blant døma på dårleg dyrevelferd i Rogaland siste tida. Illustrasjonsfoto: Istock / liveostockimages
Dårleg dyrevelferd kan gje mindre tilskot
Grunna stadige tilfelle av dårleg dyrevelferd, presiserer Statsforvaltaren i Rogaland: Det kan få økonomiske konsekvensar.
Bothild Å. Nordsletten
Dersom dyrevelferda er så dårleg at drifta ikkje kan seiast å vera ”vanleg jordbruksproduksjon med godt husdyrhald”, skal kommunen avslå tilskot til produksjonen, presiserer Statsforvaltaren i Rogaland på eigne nettsider.
Det er Mattilsynet som forvaltar dyrevelferdslova med kontroll og tilsyn. Landbruksdirektoratet og Mattilsynet har ein samarbeidsavtale med rutinar for korleis etatane skal samarbeida omkring saker som gjeld dyrevelferd.
Mattilsynet skal senda kopi av vedtak til kommunen og Statsforvaltaren i dei tilfella der dei finn svært alvorlege brot på dyrevelferdsregelverket. Det gjeld først og fremst saker der Mattilsynet fattar vedtak om aktivitetsforbod eller avvikling av dyrehaldet, eller saker Mattilsynet klassifiserer som kronisk dårleg dyrehald der det er funne gjentekne alvorlege brot på regelverket over tid.
Avslag på tilskot
Når kommunen får kopi av ei dyrevelferdsak frå Mattilsynet, må dei vurdera om husdyrhaldet kan reknast for å vera «vanleg jordbruksproduksjon med godt husdyrhald». Kommunen skal ikkje på sjølvstendig grunnlag vurdera dyrevelferda, men skal nytta Mattilsynet sine vedtak og rapportar. Dersom kommunen vurderer at dyrevelferda er så dårleg at det ikkje kan seiast å vera ”vanleg jordbruksproduksjon med godt husdyrhald”, skal dei avslå tilskot til den husdyrproduksjonen der det er funne alvorlege brot på regelverket. Dette vil gjelda husdyrtilskotet, eventuelt driftstilskotet og avløysartilskotet.
Kjelde: Statsforvaltaren i Rogaland