Ikkje for sal: Time-bonden Anne Frøyland Grødem vart landskjent då ho sa nei til entreprenørar sitt tilbod om 150 millionar kroner for jorda hennar. Frøyland Grødem er ein av menneska du møter i filmen «Vi som solgte landet». Foto: Bondevennen
Dei som ikkje vil selja landet
Den premiereklare filmen «Vi som solgte landet» viser bønder og bygdefolk si motstandskraft mot dei som vil ta naturen og jorda frå dei.
Bothild Å. Nordsletten
– Kva verdi kan du sette på jorda? Den ligg berre der og kan ikkje seia eit pip sjølv. Det er eg som må passa på og vera jorda si stemme.
Orda fell i filmen «Vi som solgte landet» og tilhøyrer jærbuen Anne Frøyland Grødem. Ho er bonde og frontfigur for gruppa Vern Kvernaland. Gruppa arbeider for å bevara svære natur- og jordbruksområde på Kalberg, Orstad og Frøyland i Time og Klepp kommune, som nå er truga av nedbygging. Frøyland Grødem er også kjent som bonden som i 2019 som sa nei då entreprenørar baud henne 150 millionar kroner for garden.
Prioriterte garden: Jærbonden Anne Frøyland Grødem i arbeid i siloen på garden. Ho vil heller forvalta jorda enn å bli millionær ved å selja jorda si. Foto: Frå filmen.
På fleire frontar
«Vi som solgte landet» følgjer Frøyland Grødem sin kamp for jorda si og mot batterifabrikk og datasenter på Kalberg. I tillegg tar den oss til andre «frontliner» i den pågåande konfrontasjonen mellom lokale innbyggjarar, og eksterne kapitalkrefter som vil ha tilgang til natur og ressursar i det såkalla grøne skiftet sitt namn.
Konfrontasjonar som bidreg til at Noreg, ifølgje NRK, er det landet i Europa som byggjer ned mest natur og matjord per innbyggjar – heile 38 kvadratmeter for kvar av oss i perioden 2018-2023.
Filmen skildrar korleis påstått grøne og berekraftige kapitalinteresser bidreg til å splitta lokalsamfunn, og skapa motstand mot klimasaka.
Mellom storslåtte bilete av norsk natur møter me menneska som vil berga landskapet og jordbruket frå gruvedrift i Hellelands-traktene ved Egersund.
Link: – For oss er dette vera eller ikkje vera – Bondevennen
Me er blant bygdefolk som ønskjer Haramsøya fri for ruvande vindkraft.
Og me er med på aksjonar for å trygga Førdefjorden frå dumping av gruveavfall.
Grønt? Vindturbinar set tydeleg preg på landskapa og naturen som dei blir etablert i. Foto frå filmen.
Folk som høyrer til
Det er dokumentarfilmskaperen Kieran Kolle som har laga filmen. Filmen er produsert av selskapet Aldeles, som står bak den populære og kinoaktuelle filmen «Havfolket».
Regissøren har følgt dei ulike innbyggjargruppene sidan 2021. Han meiner noko manglar i den daglege mediadekkinga av saker der grasrotengasjement for landskapet står mot ressurs- og arealhungrige kapitalkrefter.
– Det er vanskeleg å formidla folk si kjensle av tilhøyre i mediadebatten, seier Kolle til Bondevennen.
– Sjølv har eg prøvd å lata kamera bli att, etter at media har gått heim. Eg er ikkje journalist, eg er filmskapar. Filmen viser kva det gjer med folk, når naturen endrar seg og du mistar kontroll over lokalsamfunnet ditt. Til dømes viser den bestemødre som opplever at demokratiet er i mot dei.
Kor grønt, eigentleg?
«Vi som solgte landet» stiller spørsmålsteikn ved kor grønt det såkalla grøne skiftet er, når jord og natur må vika for datasenter og vindturbinar.
– Eg meiner at det grøne skiftet har øydelagt litt for seg sjølv ved å gå vekk frå forvaltartankegangen om naturen, seier Kolle.
– Spørsmålet mitt er kva det er som gjer at me ikkje lenger ser på oss sjølv som forvaltarar, men på naturen som rein ressurs som me kan spekulera i. Men det har eg ikkje fått svar på.
Bak kamera: – Eg meiner at det grøne skiftet har øydelagt litt for seg sjølv, seier filmskapar Kieran Kolle. Foto: Privat
Kjenner seg overkøyrte
Folka i filmen tar opp kampen for det dei har kjært, men opplever også å bli overkøyrt av næringslivsinteresser og styresmakter. Som ein konsekvens mister somme av dei tillit til systemet og til demokratiet. Birgit Oline Kjerstad, bonde og tidlegare leiar i «Nei til vindkraftverk på Haramsøy» samt stortingsrepresentant for Sv frå Møre og Romsdal, figurerer òg i filmen. Der stiller ho spørsmålet: «Er det pengane som styrer, eller me som styrer landet?».
Vanlege folk: «Vi som solgte landet» viser småbarnsforeldre, bestemødre og andre lokale innbyggjarar som må bli «aktivistar» for å prøva å berga naturen og lokalsamfunnet sitt. Foto frå filmen.
Ulike meiningar
Noko svar får ho ikkje direkte. Filmen har då òg blitt kritisert for ikkje å ta med tilstrekkeleg motstemmar, altså dei aktørane som ønskjer eller aksepterer at naturen må vika. Regissøren er ikkje samd i den kritikken.
– Det er plenty av motstandarar i filmen. Til dømes Carl I. Hagen (tidlegare formann i Frp og stortingsrepresentant, journ. meld), og ein grunneigar i Helleland. Så har me brukt arkivmateriale, der motstemmar kjem til uttrykk.
«Når du spør folk korleis desse sakene påverkar dei – skal du då måtta få ein legitimasjon frå ein utbyggjar for desse kjenslene?»
Kieran Kolle, filmskapar
Filmskaparen seier det dessutan har vore utfordrande å finna motstemmar som ville uttala seg.
– Eg prøvde å få fleire i tale, men berre éin grunneigar blant alle sakene har vore villig til å stilla i filmen. Så var eg på eit grunneigarmøte på Haramsøy, men der måtte eg skriva under på ei teieerklæring etter møtet, så det var jo fullstendig uaktuelt å ta med noko derifrå i filmen.
Kieran stadfestar at han har konsentrert seg om motstanden mot naturinngrepa.
– Når du spør folk korleis desse sakene påverkar dei – skal du då måtta få ein legitimasjon frå ein utbyggjar for desse kjenslene? Mitt fokus har vore kampen mot utbygginga. Målsettinga var ikkje å vera objektiv. Dette er ein kinodokumentar, og der er det kunstariske veldig viktig.
«Det er eg som må passa på og vera jorda si stemme.»
Anne Frøyland Grødem i filmen «Vi som solgte landet»
På kino: «Vi som solgte landet» ser du på kino over heile landet frå fredag 20. februar. Plakatdesign: Robin Jensen
