Alt i spel: Morsfolket til Geir Aasmund Dybing har vore på garden i heia over Helleland i over 400 år. Nå kan det gå mot slutten for historia deira her. Geir Aasmund her saman med Julie Dybing og dottera deira Judith. Hunden Tass i full fart etter ballen.

Alt i spel: Morsfolket til Geir Aasmund Dybing har vore på garden i heia over Helleland i over 400 år. Nå kan det gå mot slutten for historia deira her. Geir Aasmund her saman med Julie Dybing og dottera deira Judith. Hunden Tass i full fart etter ballen.

– For oss er dette vera eller ikkje vera

16. februar 2024

Får Norge Mineraler AS det som dei vil, blir det storstilt gruvedrift på Helleland. Då ryk slektsgarden til Geir Aasmund Dybing. – Eg vil heller molka kyrne enn pengesekken under bakken, seier den unge bonden.

Bothild Å. Nordsletten

Ved nærare ettersyn er dei færraste ting heilt svart kvitt. Noreg har eit mål om jordbruk i heile landet og om auka sjølvberging. Det krev bønder og plass. Parallelt krev det såkalla grøne skift­et meir rein energi og store mengder mineral – båe ressursar som må koma frå ein stad, og som det òg krev areal å produsera. Dilemma’ og paradoksa er det mange av. På Helleland i Dalane, nokre mil inn i landet frå Egersund, står dei i kø.

Svære dimensjonar

Ein nedsnødd tysdag i februar ser faktisk berglandskapet rundt garden Dybing, tre kilometer opp frå E39 og Helleland sentrum, heilt svart kvitt ut. Kvitt, der bønd­ene i generasjonar har rydda åkerlappar mellom knausane. Svartspekka på dei mange bergnabbane. Svart, der gran og lauvtre klynger og beltar seg etter topografien.

Og der, på andre sida av dalen, i svart relieff over trea, ein av Norge Mineraler (NM) sine prøveboringsmaskinar. På søk etter mellom anna fosforhaldig apatitt, mineralet som gjer beita her oppe så grøne – når dei ikkje er kvite. Så langt har NM leita for 700 millionar kroner, opplyser selskapet til Bondevennen.

Nå ventar NM på statens svar på utvinningssøknaden sin, som dekker områda Storeknuten, Skeipstad og Øgrei. Til saman 30 kvadratkilometer. Basert på kart over NM sine undersøkingsområde, vurderer jordbrukssjef i Egersund kommune, Steinar Nordvoll, at det i dei omsøkte områda ligg 8400 mål jordbruksareal og 2000 mål myr. Fleire titals driftseiningar blir råka.

Helleland på kartet: Dei tre områda Norge Mineral har søkt staten om å få vinna ut mineral i. Dei djupare farga rundingane i kvart felt, markerer ekstra lovande område for gruvedrift. Den blå kvadraten til venstre markerer området Storeknuten, som NM vil utvinna først. Garden som Geir Aasmund eig og garden han skal overta ligg i felta som er markert 2,3,5,6 og 9. Til orientering går E39 mellom den blå kvadraten og den øvre raude. MRE= Mineralressursestimat. Ilustrasjon: Norge Mineral

Helleland på kartet: Dei tre områda Norge Mineral har søkt staten om å få vinna ut mineral i. Dei djupare farga rundingane i kvart felt, markerer ekstra lovande område for gruvedrift. Den blå kvadraten til venstre markerer området Storeknuten, som NM vil utvinna først. Garden som Geir Aasmund eig og garden han skal overta, ligg i felta som er markert 2,3,5,6 og 9. E39 går mellom den blå kvadraten og den øvre raude. MRE= Mineralressursestimat. Ilustrasjon: Norge Mineral

Heim i 400 år

– Det er berre apatitten dei er ute etter, seier Geir Aasmund Dybing.

– Over 20 hol har dei bora på eigedomen vår. Dei har kome med helikopter, grus og nye vegar. Det er ingen vits å stå imot. Då får du ingenting att.

I tillegg til garden arbeider 27-åring­en i anleggsbransjen. Han veit det løner seg å vera grei når entreprenørane vil fram. Gode vegar har det blitt. Rydda fint etter seg, har dei òg gjort. Det skal NM ha. Men heimegarden vil likevel ikkje Geir Aasmund at dei tar.

I 2021 kjøpte han ein nabogard, der han har sau. Om nokre år er det meininga at han og kona Julie også skal overta morsgarden på 540 dekar, her dei bur i eit klyngetun med foreldra hans og
nokre naboar.

– Molking, lemming, makking – me hjelper kvarandre med alt, seier Julie, opphaveleg frå Egersund, men nå fullt med i drifta, når ho ikkje jobbar på BondeKompaniet i byen.

Til saman har dei 12 kyr og 200 vinterfôra sau. Gamlehuset er pussa grundig opp, med god plass for dottera Judith, på snart to år, til å boltra seg på.

– Me har vore på garden sidan 1600-talet, seier Geir Aasmund.

– Dette er kor eg stammar ifrå. Dette er historia mi. Ein kan grava mineral i 100 år, men eg vil heller molka kyrne enn pengesekken under bakken. Det handlar om korleis du er sett saman. Om det du fekk inn med morsmjølka.

Midt i minerala: - Alt ryk, seier Julie Dybing. Ho og mannen Geir Aasmund Dybing viser på kartet at garden deira ligg i sentrum for der  mineralutvinning blir planlagt.

Midt i minerala: – Alt ryk, seier Julie Dybing. Ho og Geir Aasmund Dybing viser på kartet at garden deira ligg i sentrum for der mineralutvinning blir planlagt.

Midt i minerala

Omsider har han og Julie innsett kva dei står andsynes. Rett bak garden kneisar Storenuten, 305 m.o.h. – høgste punktet i området – og full av mineral som gruvefolka seier er kritiske for det grøne skiftet. Mineral som, her oppe, må utvinnast frå dagbrot.

Skal utvinnast, får me vita på eit fullstappa folkemøte på grendehuset i regi av NM same kveld. Dei går for Storeknuten først. Plan- og reguleringsprosessen startar nå.

Nå framstår iallfall nokre aspekt ved det unge paret si framtid i eit svart og kvitt-relieff.

– Alt ryk, seier Julie og peiker 360 grader rundt tunet.

– Me ligg midt i utvinningsområdet. Alt blir så uvisst, seier Geir Aasmund, med Judith på armen.

Forureininga, støvet og massedeponia som følgjer med gruvedrift ofrar dei ikkje ein tanke.

– Det drit eg i, seier Julie.

– Kjem dei, så er me jo vekk.

– For oss så er dette eit vera eller ikkje vera, seier Geir Aasmund.

Vil molka

Dei to grublar på utviklinga av garden. Omlegging til lausdrift. Julie fortel at dei har teikna, veit korleis dei vil ha det, men at dei ikkje har finansieringa ennå.

– 78 tonn i kvote er for lite til å forsvara ei slik investering, seier Geir Aasmund.

– Men me har skrekkeleg lyst til å halda fram med å molka.

Dei kjenner at presset frå NM aukar. 4.januar fekk dei, lik eit sekstitals andre grunneigarar, e-post frå NM med tilbod om ein opsjonsavtale for utvinning av apatitt. Apatitt tilhøyrer grunneigar. Dette i motsetnad til vanadium og ilmenitt – dei andre minerala NM leiter etter, og som tilhøyrer staten.

 

«Me ligg midt i utvinningsområdet.
Alt blir så uvisst.»

Geir Aasmund Dybing

Opsjonspremien gir grunneigar årleg 2000 kroner, pluss 50 kroner per dekar, samt 0,5 prosent av marknadsverdien av det som blir utvunne av grunneigars mineral.

– Avtala er dårleg. Det er på ingen måte meir enn det må vera, seier Geir Aasmund.

Dei har ikkje tenkt å skriva under. Veit ikkje om andre som vil gjera det, heller.

– Nehei. Du legg jo band på garden for dei neste 30 åra! Og NM kan seia opp­avtala, men me kan ikkje gjera noko.

Reagerer på prosessen

Ikkje det at dei to er konsekvent mot mineralutvinning. Dei innser at «nokon» må ta støyten.

– Me kan ikkje vera ego, heller, seier Geir Aasmund.

– Men det er måten dette blir gjort på, held Julie fram.

– Det kom ein heil armé frå NM hit. Dei skrytte av naturen, over kor flott det er her. Men det har vore lite skikkeleg info.

Dei to undrar seg også over kor stille det har vore frå Egersund-politikarane.

Enn så lenge heldt paret seg i ro. Let eit nyetablert grunneigarlag jobba for seg, opp mot gruvefolka, medan dei sjølv tenker vidare på lausdriftsfjøset.

– Oppi det heile, er me nokså godt forsikra i norsk lov, seier Geir Aasmund.

– Skulle det bli gruvedrift her, trur eg me får tilbake for investeringane. Det me vil ha nå er eit klart svar på om det blir gruve eller ei. Kor. Kva tid. Og korleis.

På trygg grunn? Erik Joa i Norge Mineraler er sikker på at det blir gruvedrift på Helleland. Foto: Sibylle Grunze

På trygg grunn? Erik Joa i Norge Mineraler er sikker på at det blir gruvedrift på Helleland. Foto: Sibylle Grunze

Knapt liknande i Rogaland

– Ja.

Erik Joa, samfunnskontakt i NM, får spørsmålet tre gonger før han svarer. Selskapet, som er backa opp av særleg sveitsiske investorar, vil sjå bønder i auga og seia ‘snipp, snapp, snute – det er over’. Om det må til.
Og ja, han er sikker på at staten gir tommel opp for utvinningssøknaden dei sendte før jul. Svaret kjem innan eit par månader og NM ønskjer å vera i gang i 2028. Iallfall før 2030.

«Det me jobbar med inneber jo store inngrep og konsekvensar. Men inngrepa blir avgrensa.»

Erik Joa, Norge Mineraler

Bondevennen har søkt om innsyn i utvinningssøknaden og fått attende eit dokument der brorparten er sladda, med referanse til offentleglova, minerallova og forskrifta til denne. I ein del av dokumentet som kan lesast, skriv NM at selskapet legg til grunn at materialet ikkje blir gjort offentleg så lenge dei har bergrettar i området, noko som er i fleire år.

Joa seier likevel følgjande: NM har funne 3.4 milliardar tonn stein med kritisk viktige mineral i. Apatitt, magnetitt og illmenitt, som i sin tur kan foredlast til stoff som trengst i alt frå tannkrem, hofteprotesar, batteri – til fly. Og til gjødsel i matproduksjonen. NM meiner førekomstane er drivverdige.

– I tillegg planlegg me vidareforedling i Egersund, ein plass i Dalane, iallfall i Noreg, seier han, og hintar til arbeidsplassar og stor verdiskaping.

Joa er ærleg om at store krefter er i sving.

– Det har knapt vore noko liknande i Rogaland, med tanke på kor mange forhold dette rører ved. Iallfall ikkje på land.

Avviser naturkatastrofe

I motsetnad til kva skeptikarar og motstandarar av prosjektet åtvarar mot, dyssar Joa ned utsiktene til massive naturinngrep.

– NM skal altså ikkje skava av 30 kvadratkilometer med landskap?

– Nei, nei!, svarar Joa.

– Det me jobbar med inneber jo store inngrep og konsekvensar. Men inngrepa blir avgrensa. Me skal dessutan ikkje utvikla alt på éin gong. Her er ressursar nok for generasjonar.

«Kjem dei, så er me jo vekk.»

Julie Dybing

Uvissa vil herske

Gruvedrift er naudsynt for eit moderne samfunn, men er samstundes kjent som den mest forureinande næringa menneska driv. Det seier ikkje Joa noko om. Heller listar han opp det han meiner er dei mange utfordrande sidene ved dagens jordbruk, i tillegg til presset frå eventuell gruvedrift: Omdanning og samansynking av dyrka, djup myrjord. Det nye lovforslaget om vern av- og restaurering av myr. Krav til berekraftig gjødselspreiing. Behovet for import av vinterfôr – ikkje minst frå Jæren- til Dalane.

Grupper spreier frykt

Joa forstår at bøndene på Helleland er usikre.

– Så lenge desse mineralførekomst­ane er der, vil det herske uvisse omkring mogleg utvinning.

Han lovar snarlege avklaringar på dei mange spørsmåla folk sit med.

Samfunnskontakten seier han respekterer motstandar av gruvedrift i området. Bondevennen har snakka med fleire i kategorien. Somme frykt­ar at NM nyttar det som blir kalla «det eldste trikset i boka»: Å søka om utvinning av statens mineral, når ein eigentleg er etter grunneigars – i dette tilfellet apatitt. Andre hevdar NM pressar folk for å få dei til å signera opsjonsavtalen.

– Det er ikkje snakk om noko «eldste triks», avviser Joa, litt brydd.

– Og me pressar ingen. Me er avhengige av å oppføra oss, og me har ein open dialog med lokalsamfunnet, så vel som med Direktoratet for Mineralforvalting.

– Framstillingane til aktivistgrupper som ikkje skyr nokre midlar for å spreia frykt, dei kjenner eg meg ikkje att i, seier han.

Og stadfestar med eit nikk at det er grasrotgruppa med eiga Facebook-side, La Dalane Leve, han har i tankane.

Svart på kvitt: Bondevennen søkte Direktoratet for mineralforvaltning om innsyn i Norge Mineraler sin utvinningssøknad sin statens mineral i Egersund. Søknaden inneheldt viktig informasjon om det som kan bli eit av dei større inngrepa i norsk natur og jordbruk. Her er dokumentet Bondevennen fekk attende, der alt vesentleg er sladda.

Svart på kvitt: Bondevennen søkte Direktoratet for mineralforvaltning om innsyn i Norge Mineraler sin utvinningssøknad sin statens mineral i Egersund. Søknaden inneheldt viktig informasjon om det som kan bli eit av dei større inngrepa i norsk natur og jordbruk. Her er dokumentet Bondevennen fekk attende, der alt vesentleg er sladda.

Skal kompenserast

Joa går ikkje med på at premien i opsjonsavtala er låg.

– Summen per år er berre for å ha avtala – ikkje kompensasjon for å utvinna mineral.

– Kva bind grunneigarar som skriv under seg til?

– At NM får utvinna mineral på deira grunn, og at dei skal få kompensasjon, slik som for statens mineral. Nøyaktig kva det blir i kroner for kvar enkelt er ikkje mogleg å sei før me utvinn minerala på eigedommen. Dersom me set i gang utvinning, blir det ein utvinningsavtale for å ta ut grunneigars mineral. Dersom me ikkje får til minneleg avtale om utvinning, så opnar lovverket for eks­propriasjon av utvinningsrett. Kompensasjonen blir fastsett med skjønn.

Fristen for å skriva under avtala er førebels sett til 20. februar.

– Kor mange har signert til nå (15.2.)?

– Det vil eg ikkje kommentera på. Prosessen pågår. Eit grunneigarlag har sagt at dei skal områ seg, og ta kontakt for å drøfte dette med oss. Men grunn­eigarar kan ikkje stoppa dette, om minerala blir vurdert som samfunnskritiske.

Blir bra

Ifølgje Erik Joa er målet til NM at konsekvensane av mineralutvinningsplanane deira blir «netto positive» lokalt, regionalt og nasjonalt.

Som eit døme på kva det vil innebera, nemner han tilbakeføring av industri­areal til landskap og matproduksjon.

– Det er vanskeleg å driva langsiktig og berekraftig jordbruk med dagens teknologi. Og ingen kan leva av åtte-ti kyr, ein gris og nokre sau, seier Joa.

– Me kan skapa store, nye areal med langt betre dyrkingseigenskapar enn dagens. Areal som toler styrtregn, der ein kan dyrka planter som menneske kan nyttiggjera seg av direkte. Og beite. Det vil gi meir stabile matforsyningar. Det viktigaste er å verna om matproduksjonen, ikkje om bøndene.

– Så kva seier du til bøndene som er usikre på om dei skal investera i lausdrift eller ikkje?

– Dei må berre etablera lausdrift. Bygga inntil ting er avklart. Så skal me ordna opp i det.

Fullt folkemøte: Helleland grendehus 15.februar. Norge Mineral har akkurat avslørt at dei går for storstila mineralutvinning i dagbrot rundt Storeknut, i heia rett over Helleland sentrum. Grunneigarar på Skipstad og Øygreid, to andre mineralrike område, kan pusta ut, for nå. Grunneigarar rundt Storeknut har fått avklaringa somme av dei frykta. Frå salen kjem mange kritiske spørsmål. Og protestrop og buing når bygdefolket meiner at dei ikkje får svar.

Fullt folkemøte: Helleland grendehus 15.februar. Norge Mineral har akkurat avslørt at dei går for storstila mineralutvinning i dagbrot rundt Storeknut, i heia rett over Helleland sentrum. Grunneigarar på Skipstad og Øygreid, to andre mineralrike område, kan pusta ut, for nå. Grunneigarar rundt Storeknut har fått avklaringa somme av dei frykta. Frå salen kjem mange kritiske spørsmål. Og protestrop og buing når bygdefolket ikkje får svar.
Stikkord denne saka: