Sosialt på lageret: Denne siste fredagen i februar har dei tilsette på innkjøpslaget funne fram alt det bøndene treng til lamminga. Tips og råd kjem på kjøpet, blant anna frå Stian Espedal i Nortura, som snakka om beitebruk og klima.

På Innkjøpslaget på Helleland i Dalane, har dei alltid varm kaffi på kanna.

Liv Kristin Sola

Det er ikkje den ytre fasaden, rosa trillebårer, hestedekken, eller potteplanter og hagejord, som trekker kundar til Dalane Innkjøpslag. Innkjøpslaget, som det heiter på folkemunne, har derimot eit stort utval av det meste ein aktiv bonde treng for å kome seg gjennom arbeidsdagen. Dei er bonden sin butikk. Eit ekte miljø Hit kjem ferske og erfarne bønder for å handle, eller berre for å slå av ein prat. Gjerne for å diskutere sau.

– At også ungdommen søker eit levande miljø og ikkje berre sosiale media, er godt å sjå, seier Kirsten Espeland.

Ho har jobba på Innkjøpslaget i 20 år. Dagleg leiar, Ken Rune Birkeland, har vore her enda lengre. Solveig Horve Bergsholm har forsterka laget det siste året, medan Asle Kvinen har køyrt kraftfôr for FKRA sidan 1972, og jobbar no på Innkjøpslaget. Espeland fortel om store endringar på dei snart tre tiåra Innkjøpslaget har eksistert. Ikkje minst at færre bønder driv større bruk.

– Tidlegare sperra me opp auga om me fekk ei bestilling på seks tonn kraftfôr. No er det ingen som løftar på eit augelokk når det kjem bestillingar på 30 tonn, seier ho. Sau og mjølk var ein vanleg kombinasjon. No er det sau eller ammeku, og arbeid utanfor bruket som er kvardagen for mange.

– For du må vere stor for å leve av sauen no, seier Espeland.

Satsar på svartfjes: Ole Johan Bergene (t.h.) er på innkjøpslaget for å sikre seg det han treng frå det rikhaldige utvalet. Heime har han 43 søyer av rasen svartfjes som skal lemme frå midten av mars. – Svartfjes er trivelege dyr og enkle å jobbe med. Dei får færre lam og klarer seg sjølv. Viktig for oss som ikkje er heiltidsbønder, seier Bergene, nyvald til leiar av Svartfjeslaget. Alt kjøtet sel han som spesialprodukt gjennom Nyyyt i Bjerkreim. Påslaget er mellom fem og ti kroner per kilo. Noko som gjer dette til leveleg produksjon. Også Ken Rune Birkeland sin flokk med sauer tel nokre Svartfjes.

Supplerer Felleskjøpet

Dalane Innkjøpslag har forhandlaravtale med FKRA om sal av tonnvare; kraftfôr, gjødsel, plantevern og såfrø. Resten av sortimentet får dei både frå små og større leverandørar, og dei forhandlar spesialprodukt som er vanskeleg å få tak i andre stader.

– Det er god butikk å skaffe det kundane vil ha. Me lever av nøgde kundar. Så enkelt er det, seier Birkeland.

– Er de konkurrentar til Felleskjøpet?

– Nei, me har felles mål og våre faste kundar er med og bidrar til eit større totalvolum for FKRA. For det er ikkje gitt at våre kundar hadde vore hjå FKRA om me ikkje eksisterte, meiner Birkeland.

Enda eit godt år

Det starta i 1992 med ei omsetning på 18 millionar kroner. I fjor var talet 146,5 millionar, og eit overskotet på 3,2 millionar, 400 tusen meir enn året før. Laget har 396 medlemmar, frå Nedstrand i nord til Arendal i sør. Dei får same utbytte som FKRA sine medlemmar på tonnvarer. For 2019 betaler Innkjøpslaget i tillegg ut ein prosent ekstra bonus på alt kjøp, samt ein prosent i tillegg på alt kjøp utanom kraftfôr i bulk.

– Her blir alle behandla likt, om dei har 30 eller 300 sauer. Same bonussats for utbytte og same service i butikken. Det er slik me forstår samvirkeprinsippa seier han.

Best på sau

– Kva er oppskrifta på eit godt resultat?

– Dyktige tilsette, seier styreleiar Bjørn Kåre Grude, utan å blunke.

– Og me skal vere best på sau, slår han fast. Med tre av fire tilsette som også er sauebønder, meiner han å ha god dekning for ei slik målsetting. Birkeland vil ikkje påstå at dei er best, men fortel at dei bruker mykje tid på å oppdatere seg både fagleg og elles om det som skjer i sauenæringa. Ikkje minst gjennom alle diskusjonane som går føre seg rundt kaffibordet her på Innkjøpslaget.

– Å bruke tid i lag med kundane er ein viktig del av arbeidsdagen vår, seier Birkeland.

Alt for bonden: Kirsten Espeland og styreleiar Bjørn Kåre Grude kan sjå attende på nok eit godt år, og styreleiaren er ikkje i tvil: Dyktige tilsette er oppskrifta.

Kaffi, kraftfôr og politikk

Innkjøpslaget ligg i det som tidlegare var ystehallen til Dalane Meieri. Ystehallen vart lagt ned i 1991 og Dalane Innkjøpslag vart etablert i 1992. I følgje Asle Kvinen, var det då kring 300 mjølkebønder i Eigersund og Sokndal. For eit tiår sidan var dei rundt 100 att, og i dag er talet om lag 40.
Kvinen (f.v.) er tilsett på lageret. Han kjenner dei fleste bønder i mils omkrins. Kåre Grude dreiv med mjølk og sau, men har gitt frå seg garden til neste generasjon og er pensjonist på femte året. Jan Inge Ueland dreiv lenge med mjølk, men selde kvoten og starta med ammeku. No har neste generasjon overteke og Ueland kallar seg sjøl for «uløna polakk».
For fire år sidan let Tor Olav Gya yngre krefter overta garden. No trør han til som konsulent for mjølk og sau når det er bruk for råd og hjelp. Dei fire seniorane møtest sporadisk på Innkjøpslaget for å løyse små og større verdsproblem, og diskuterer gjerne landbrukspolitikk.

– Kva som er tema kjem an på kven som er her, seier Gya, som også er pensjonert kommunepolitikar.