
Ønskjer roleg omstilling: Rogaland vil bidra til auka sjølvforsyning, forsikrar styret i Rogaland Bondelag. Leiar Ståle Hustoft åtvarar samstundes mot for tøffe verkemiddel som kan svekka bondeøkonomien i fylket. Styret ved, f.v., Jakob J.Eskeland, Reinert Idsøe, Harald Velde, Magnhild Hobberstad Aanestad, Ståle Hustoft (i front), Anbjørn Grønning. Foto: Rogaland Bondelag
– Det er ikkje krut me leverer
Behovet for auka sjølvforsyning er gjennomgåande i Rogaland Bondelag sitt innspel til jordbruksforhandlingane.
– Men me kjem ikkje med sprengstoff, varslar leiar Ståle Hustoft.
Bothild Å. Nordsletten
Denne veka vedtok styret i Rogaland Bondelag innspela sine til årets jordbruksforhandlingar. For at bøndene i sørvest skal kunna bidra til styrkt beredskap må dei sikrast høve til inntekt og velferd på nivå med andre grupper, skriv fylkeslaget. Derfor må tettinga av inntektsgapet fortsetta. Faglaget krev at minimum halvparten av det gjenståande inntektsgapet må tettast alt i årets oppgjer.
I tillegg til ein pressa bondeøkonomi er bakteppet for bondelaget sin innspelsrunde ein dramatisk endra beredskaps- og tryggingspolitisk verdssituasjon. Etter ordlyden å døma verkar likevel haldninga til rogalendingane sindig.
Ein påpeiker behovet for meir norsk mat, men fremjar ingen radikale framlegg eller krav for å nå målet om 50 prosent sjølvberging innan 2030. Iallfall ikkje i den korte oppsummeringa som fylkeslaget har publisert på eigne nettsider.
Kva som står i det åtte sider lange og detaljerte innspelsdokumentet som er sendt til Bondelaget sentralt derimot, får berre dei innvigde vita. Av omsyn faglaget sin forhandlingsposisjon når dei møter staten, blir ikkje innhaldet ikkje publisert, seier leiar i Rogaland, Ståle Hustoft.
– Det er ikkje krut Rogaland leverer i våre innspel, vedgår fylkesleiaren.
Fråveret av krav som i sterkare grad reflekterer den spente verdssituasjonen forklarar Hustoft slik:
– Men me vil auka sjølvforsyninga. Poenget er at dersom verkemidla blir for tøffe, så blir det tøft også for Rogalandsbøndene.
For auka sjølvberging inneber i hovudsak å dyrka meir kveite på Austlandet, seier Hustoft. Som igjen inneber å styrka kveiteøkonomien veldig.
– Utfordringa vår i Rogaland er å få til ei roleg omstilling, slik at ein ikkje strupar husdyrøkonomien her i same venda. Bøndene våre treng ei føreseieleg omlegging til meir norsk fôrkorn.
«Bøndene våre treng ei føreseieleg omlegging til meir norsk fôrkorn.»
Ståle Hustoft, leiar i Rogaland Bondelag
I innspela sine etterlyser fylkeslaget hans at det føreståande jordbruksoppgjeret må ha «kraftfulle verkemiddel» for å styrke sjølvforsyninga av planteprodukt og auka norskdel i fôret. Og sjølvforsyninga må sikrast med friske midlar, ikkje omfordeling, blir det påpeikt.
– Kan du vera meir spesifikk?
– Me må differensiera meir mellom bygg, havre og kveite i kornområda, altså i sone 1. Me må sikra meir kveite på Austlandet, men utan å strupa produksjonen av bygg i Rogaland. Me må gjerne produsera meir korn i Rogaland, men det må i så fall skje gjennom styrka økonomi i våre arealsonar.
Vil ha volum
Fylkesleiaren seier at det er langt fleire lokallag enn før som i år har spelt inn behov for volumbaserte tilskot – hovudsakleg på mjølk. Ikkje minst frå Haugalandet, Ryfylket og andre regionar med små og mindre bruk er signalet at det må løna seg å produsera på arealet ein har. Det er press på jorda og ifølgje lokallaga blir for mykje av den drive for halv maskin. Hustoft kallar tilbakemeldingane interessante.
– Her se me ei vriding bort frå vektlegging av flate tilskot og i retning eit ønske om volum, så sant marknadssituasjonen tillèt det, seier Hustoft.
Mjølk og velferd
Rogaland Bondelag påpeiker at mjølk og grovfôrproduksjonar framleis må få prioritet, då desse er viktige for å oppnå dei landbrukspolitiske måla, til dømes om busetting i heile landet.
Vedrørande velferdsordningar ønskjer fylkeslaget at satsar og taket på velferdstilskot bør differensierast. Slik får ein fulle satsar opp til et tak på omtrent dagens nivå – deretter vidare opptening med 50 prosent av ordinær sats. Rogaland ønskjer at samordningsregelen blir avvikla.
Meir til investering
Fylkeslaget viser til at Rogaland berre får åtte prosent av IBU-midla, trass i at fylket har ti prosent av landets dyrka areal, 20 prosent av grovfôrproduksjonane, 30 prosent av kraftfôrkrevjande produksjonar og 90 prosent av tomatproduksjonen. Bondelaget vil nå sikra seg ein større del av investeringsmidlane. Kor stor, har ikkje Hustoft svar på.
– Men potten må reflektera produksjonen vår – det har vore ei kampsak i uendelege tider, seier Hustoft.
– I fjor brukte me 90 millionar kroner av den nasjonale potten, i tillegg til fylket sin eigen pott på 90 millionar. Me har stor del av produksjonen som treng investeringar, til dømes på sauehus og gris. Det handlar ikkje om å auka produksjonen vår, men om å gi bøndene her same høve som andre til å reinvestera, som dei i andre delar av landet. I andre fylke får dei full pott til bortimot alt. Den nasjonale potten er nøkkelen her, men den er vanskeleg å snu på.
«Det handlar ikkje om å auka produksjonen vår, men om å gi bøndene her same høve som andre til å reinvestera.»
Ståle Hustoft, leiar i Rogaland Bondelag
Varig lausdriftsordning
Vidare vil Rogaland Bondelag at den nasjonale potten til ombygging/nybygg til lausdrift må utvidast og førast vidare som ei varig ordning.
Som del av satsinga på auka sjølvforsyning vil ein at grøntnæringa skal styrkast med øyremerka investeringsmidlar.
Stramare krav for tilskot
I innspela kjem det fram at Rogaland Bondelag vil innføre vilkår om mva.-registrering for å få produksjonstilskot. Laget meiner også at det må innførast krav om å vera med i dyrevelferdsprogram for å motta husdyrtilskot, uavhengig av talet på dyr.
Framleis surr med sonar
Fylkeslaget meiner Norges Bondelag må jobba for eit meir treffsikkert tilskotssystem for areal- og driftstilskot, som heilt eller delvis kan erstatta dagens soneinndeling. Ein støttar Rogaland fylkeskommune sitt forslag om å flytta kommunane Strand, Gjesdal og Bjerkreim frå sone 3 til 5b.
Meir til dei store
Produksjonsavhengige tilskot må prioriterast i år, meiner Rogaland Bondelag. Slik treff ein dei større bruka. Auka gjeldsbelastning og styrking av det første satsintervallet dei siste åra har gjort at stordriftsfordelane har blitt redusert.
Fylkeslaget meiner at små og mellomstore bruk må styrka lønnsemda gjennom andre tilskot, slik som driftstilskot og pyramidetilskot på mjølk.
– Me må tilbake til slik det var før; at dei store hentar inntekta i marknaden og på volumet dei produserer, seier Hustoft.
Vidare meiner fylkeslaget at pristilskot for mjølk ikkje må differensierast meir enn det alt er.
Ein vil at kravet om kalvingsintervall for å få tilskot til mjølkeku må utvidast til 18 månader.
Ein ønskjer også at dei konkurransefremjande tilskota i prisutjamningsordninga må fjernast/reduserast eller finansierast utanfor PU. Finansiering av inntransport må flyttast frå PU til statsbudsjettet.
«Me må tilbake til slik det var før; at dei store hentar inntekta i marknaden og på volumet dei produserer.»
Ståle Hustoft, leiar i Rogaland Bondelag
Brems på storfekjøt og sau/lam
For ammeku/storfekjøt meiner fylkeslaget at ikkje-produksjonsdrivande tilskot må prioriterast.
– Hadde det vore sterkare tiltak for produksjonsregulering kunne me styrka økonomien per produsert eining, utdjupar Hustoft.
– Nå er utfordringa at når økonomien går bra, så kjem det nye etableringar. Me må prøva å styrka økonomien til dei som alt produserer, utan å jaga næringa inn i ny overproduksjon.
For sau meiner fylkeslaget at ikkje-produksjonsdrivande tilskot må prioriterast. Det er viktig å styrka økonomien til dei aktive saueprodusentane og det må bli strengare krav til produksjon for å få fullt husdyrtilskot, påpeiker faglaget.
Ein ønskjer også å legga om lammeslakttilskotet, med ulikt tilskot i ulike vektgrupper.
Om grovfôrproduksjonane
Rogaland Bondelag viser til at gjødsling, gjerding og stell av kulturbeite er svært arbeidskrevjande. Ein krev derfor høgaste sats på beitetilskot for beiting i både kulturbeite og utmark.
Laget meiner også at ein må utgreia høvet til å motta driftstilskot til fleire grovfôrproduksjonar på same føretak.
Meir korn
For dei kraftforkrevjande produksjonane meiner Rogaland Bondelag at prisnedskriving av korn til kraftfôr er det viktigaste tiltaket.
Ein ønskjer også, jfr. Hustoft sine uttalingar over, at prisnedskrivingstilskotet må differensierast per kornslag for å stimulera til styrking av norsk sjølvforsyning.
Sikra risikoavlastning ved smitte
Med stor husdyrproduksjon lever næringa Rogaland og særleg Jæren også med stor risiko ulike typar smitte/ sjukdommar. Fylkeslaget meiner derfor at bønder som blir pålagt avliving ved utbrot må kunne få dispensasjon frå vilkår og telledato, slik at dyra inngår i utrekninga av husdyrtilskot.
Vidare meiner ein at prosjektet «handtering av kadaver ved krise» har avdekka store utfordringar ved større sjukdomsutbrot. Dette arbeidet meiner ein at må følgjast opp av avtalepartane for å sikre både bondens vilkår og smittesikker handtering av kadaver.
Lite på klima
Fylkeslaget sitt innspel til tiltak for å tilpassa seg klimakrisa handlar om RMP-tiltak, tilskot til drenering og om at tilskot til husdyrgjødsel som blir levert til biogassproduksjon «må sikrast».
– Den store uroa for bønder som lurar på om dei skal skriva kontrakt med biogassanlegga er om tilskotet vil vara ut over eit år i gangen, eller ei, seier Hustoft.
– Eg trur ikkje me får staten til å trygga løyvingar fram i tid, men då må me sikra oss mest mogleg. Må treng tydelege signal om at staten vil satsa på biogass.
«Me må prøva å styrka økonomien til dei som alt produserer, utan å jaga næringa inn i ny overproduksjon.»
Ståle Hustoft, leiar i Rogaland Bondelag