HØYR!

– Det løner seg å vere effektiv

18. september 2020

Foto: Høyre

Fleire må sjå til kva Rogaland, og spesielt kva jærbonden, gjer

– Subsidiar reddar ikkje norsk landbruk åleine, seier Sander Olsen, Høgre-representant i kommunestyret i Sandnes.

Jane Brit Sande

I eit debattinnlegg i Stavanger Aftenblad 28. august, hyllar Olsen effektiviteten, berekrafta og verdiskapinga i landbruket i Rogaland. Innlegget er eit svar på eit innlegg frå Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum om verdiskaping i fylket. Olsen meiner at Vedum tar til orde for meir ineffektivitet og dårlegare løysingar, enn slik det er i dag.

– 1960-løysingar skapar ikkje arbeidsplassar i distrikta i 2020, slår Olsen fast. Bønder er sjølvstendig næringsdrivande, og må få rå over eiga verksemd, meiner Høgre-politikaren.

– Subsidiar reddar ikkje norsk landbruk åleine, seier den unge politikaren.

Han vil at norsk matproduksjon skal vere så effektiv, at bønder ikkje vert avhengige av subsidiar.

– Men sjølvsagt skal me legga til rette for å skjøtte kulturlandskap og driva landbruk i heile landet. Men eg meiner at me ikkje kan gjere det til ein kvar pris når budsjetta vert trongare, seier Olsen.

Han viser til at rogalandslandbruket står for 20 prosent av verdiskapinga, med ti prosent av bøndene.

– Det løner seg å vere effektiv. Fleire må sjå til kva Rogaland, og spesielt kva jærbonden, gjer, seier Olsen.

– Korleis skal ein bonde i bratte bakkar på Vestlandet samanlikne seg med jærbonden, gitt dei svært ulike, naturgitte forholda for å driva landbruk?

– Det handlar om haldningar og rammene rundt landbruket. Eg meiner at me må sikra at terskelen for å driva landbruk framleis skal vere låg. Men me treng også vere førebudd på ei framtid der kost/nytte-faktoren vert viktigare enn å halda landbruk i heile landet, til ein kvar pris, seier Olsen.

Han meiner at SP si haldning til subsidiar er bakstreverske.

– Å romantisera løysingar frå 1900-talet fungerer ikkje, seier Olsen.

– SP har ein aversjon mot fornying. Eg inviterer gjerne Vedum på busstur til Jæren, slik at me kan vise han kor godt me har det, når me ikkje berre sit på bakbeina og ventar på staten, utfordrar han.

– I lesarbrevet skriv du «… verdiskapingen går opp, mens antall bønder synker. Det betyr mer norsk mat og et bærekraftig landbruk». Kva meiner du med det?

– «Berekraft» kan bety fleire ting: At det er bra for miljøet, kan halde fram i mange år, og at det er økonomisk. Effektivitet er økonomisk lønsamt, seier Olsen.

Han vil ikkje talfesta kor få bønder som er nok.

– Ting er dynamiske, også landbruket. Eg er for effektivisering. Det er stadig fleire munnar å metta i Norge. Det kjem òg nye inntektshøve for bønder, og me må vera framtidsoptimistar, seier han.