Skrablikk

Det er så vanskeleg, og ber så mykje i seg. Dette vesle ordet; farvel. Det vert nytta i mange situasjonar. Når me vinkar til gjestene som dreg. Eller når to elskande skil lag. Verst er det når ein seier endeleg farvel. Når nokon aldri kjem att.

 

Nyleg sa eg farvel til ei herleg jente. Ho var full av entusiasme, livgnist og pågangsmot. Ho brann for distrikt og landbruk, og elska sau. Det kjennes meiningslaust at livet hennar brått skulle ta slutt. Ord blir fattige, språket har ikkje evne til å skildre så sterke kjensler. Menneska vert så makteslause. I ei verd der me opplever at det meste kan kontrollerast, er det skummelt når vitskapens makt kjem til kort.

 

Nokon menneske treff oss midt i hjarte. Dei gir oss kjensla av at me er verdifulle, dei er ekte. Fulle av humor og pågangsmot. Ein ting er sikkert, eit minne kan leve evig. Midt i sorga kjem glimt frå gode stunder, vise ord og rampestreker.

 

Etter dette vesle ordet, farvel, kledd i mørk makt, kjem den tome kjensla. Verda er ofte full av glansbilete. Gjennom sosiale medium viser folk sjeldan fram det som er vondt. Dei fleste veit at ingenting er berre rosa. Likevel kan det vere utfordrande å la maska falle i eit samfunn av suksess og prestasjonar, og eit nettsamfunn av blendande smil og trutmunnar. Då kan det vere ekstra hardt å kjenne på dei djupe mørke kjenslene, som ord ikkje kan skildre. Det finst ikkje ein hasjtagg for slikt. Det finst ikkje ei meining med alt. Noko er meiningslaust. Tøff er den som våger å innsjå det. Tøffast er den som let maska falle.
JoA

Stikkord denne saka: