Klar, ferdig…: Olav Røysland, leiar for Agrovisjon AS, er klar for fullt fagleg og sosialt trøkk under årets landbruks-happening, eit par mil frå potet-åkeren sin på Voll.
– Enorm interesse for Agrovisjon
Messesjef Olav Røysland har to svar på kvifor du bør ta turen til Agrovisjon i Stavanger: Det faglege og det sosiale.
Bothild Å. Nordsletten
– Interessa for å stilla ut i haust er enorm, seier Olav Røysland, leiar for Agrovisjon AS.
130 utstillarar er på plass. Det har vore venteliste for å få stand, noko som byrjar å ordna seg.
Nest største messe
Agrovisjon gjekk av stabelen første gong i 2005. Sidan har landbruksmessa med vekt på maskinar og teknologi vore arrangert om lag kvart tredje år. Med eit utstillarareal på 20 000 kvadratmeter er det den største messa i Stavanger, etter olje- og gass-messa ONS.
– Starten var hard, men det har vore ei fantastisk utvikling, seier Røysland, som har vore med sidan starten.
Samlar storfamilien
Parallellt med Agrovisjon og ei mengd andre verv, har Røysland vore bonde sidan 80-talet. På garden på Voll i Klepp kommune har han hatt svin, storfe og potet. Nå for tida driv han med jordbær, bringebær og biogass.
– Så eg kjenner landbruket godt. Det er ein fordel når me i Agrovisjon skal samla heile landbruksfamilien.
«Dette er ei fagmesse.
Me sel ikkje lakrisstenger.»
Olav Røysland, leiar i Agrovisjon AS
Fag og fellesskap
På spørsmål om kvifor bønder bør ta turen til Stavanger 30. oktober til 1. november i haust kjem svaret straks.
– På Agrovisjon får du sjå det som er av maskinar og utstyr. Her kjem òg slakteria, meieria, rådgjevarane – og advokatane. Dette er ei fagmesse. Me sel ikkje lakrisstenger.
Men så er det viktig å ha det sosialt, òg, seier Røysland. – Agrovisjon er også ein sosial happening. Det let seg jo kombinera med det faglege. Det blir bondepub på fredagen og bankett laurdag kveld.
Live konkurranse
Av alt som kjem til å føregå på årets messe er det særleg eit arrangement sjefen trekker fram. Kåringa av årets lærling.
– Her er det maskin- og utstyrsleverandørane som nominerer kvar sin lærling. Gruppa med lærlingar skal så konkurrera om fleire oppgåver, som å feilsøkja og reparera utstyr og maskinar. Me legg opp til å gjera dette slik at publikum kan sjå på undervegs. Eg håpar dette blir interessant også for andre unge som er interessert i mekaniske fag.
Ta bussen, please
Røysland håpar på fullt trøkk under messedagane, men har ei sterk oppmoding til dei som skal ta turen, anten dei kjem frå fjern eller nær.
– Ikkje ta bilen til messeområdet. Her blir parkeringa full veldig fort. Parker i Stavanger sentrum eller ein annan stad, og bruk Agrovisjon-shuttlebussen, som går til og frå kvar halve time. Den tar berre fem minutt.