Foto: Jonatan Bendixen, Pulse Communications AS
Er aluminium ein trussel mot storfe?
Nettopp det lurer veterinærstudentane Veronika Matre og Eline Lærum på.
No ønsker dei å kartlegge problemet. Og dei treng di hjelp.
Liv Kristin Sola
Vi har alle sett bilete av kyr som lir på grunn av restar av aluminium som er kasta i naturen. Og bondens store skrekk er at hen skal oppleve å miste dyr på slikt frykteleg vis, fordi nokon ikkje tenkte seg om. Men kor stort er eigentleg problemet?
Uroar mange bønder
Eline Lærum og Veronika Matre går siste året på veterinærstudiet på Ås. Dei spesialiserer seg på produksjonsdyr, og i sommar var begge i praksis på midlertidig lisens. Der merka dei seg at aluminiumsboksar i naturen er ei problemstilling mange bønder er opptekne av. Men få har oversikta.
– Vi har ikkje sjølv sett tilfelle av dyr som er skada, men vi snakka med fleire bønder som hadde funne restar av aluminium i fôret til dyra, seier Veronika.
– Vi veit at dette er eit problem. Men vi veit ikkje så mykje meir, seier Eline.
Treng varierte svar
No frir dei til alle storfebønder i heile landet om å bidra ved gå inn på denne linken og svare på spørsmåla i skjemaet som dukkar opp.
Studentane vil gjerne høyre om erfaringane dine. Har du funne aluminium i grovfôret på jordet eller på fôrbrettet? Har du hatt kyr som har blitt dårlege, og mistanken går mot aluminium?
– Vi håper på svar frå alle type storfebønder, både mjølkebønder og bønder som driv med ammekyr eller kjøper inn fôringsdyr, seier Veronika.
Treng di hjelp: Eline Lærum t.v. og Veronika Matre ønsker å kartlegge omfanget og konsekvensane av aluminiums-emballasje som blir med fôret inn i fjøset. No ber dei storfebønder over heile landet om å bidra med informasjon frå eiga drift. Foto Privat
Og skal det blir ei god kartlegging, treng dei også svar frå deg som aldri har vore borti problemet, ja, som knapt har høyrt om det.
– Det er mykje vi har lyst til å «grave» i. Kanskje er det slik at aluminium er årsak til meir akutte skader enn metall. Eller er det slik at mindre bitar ikkje har så stor konsekvens? Vi veit så lite. Då blir det mykje synsing, seier Eline.
«Vi håper på svar frå alle type storfebønder. »
Veronika Matre, veterinærstudent.
Eit lerret å bleike
Veronika og Eline håper oppgåva deira kan bidra til meir kunnskap. Om ikkje anna så at funn dei gjer i denne kartlegging kan vere eit utgangspunkt for andre til å gå vidare med i meir omfattande arbeid.
Håpet er òg at kunnskapen dei får gjennom oppgåva kan nyttast førebyggande.
– Vi har veldig lyst til å bevisstgjere folk som ikkje er bønder om kva dei gjer når dei kastar boksar i naturen. At det kan få alvorlege konsekvensar for dyra og for bonden, seier Veronika.
Logg deg på!
Bondevennen støtter oppmodinga deira. Vi håper mange vil bidra slik at Veronika og Eline får nok svar til å kunne seie noko om kor utbreidd dette problemet er.
Så: Scan koden og fyll ut skjema. Slik bidreg du til meir opplysning om eit viktig tema.
– Vi setter stor pris på alle svar. Tusen takk, seier Eline og Veronika.
Men OBS – Har du allereie svart på spørsmåla, er det viktig at du ikkje gjer det to gonger. Då blir det feil i resultata våre, seier studentane.
Kvast: Aluminiumsboksar er ikkje fôr, men hamnar av og til i magen på storfe. Det kan gi store skader, men kor stort problemet eigentleg er, er ikkje kartlagt ennå. Foto: Istock / Alexan2008