Sårbar rute: Store mengdar (rå-)varer kjem sjøvegen til Noreg. Korleis sikrar me trygg tilgang til innsatsfaktorane som også matproduksjonen i Rogaland er avhengig av, i ei skumlare verd? Foto: Illustrasjon, Istock / AscentXmedia

Sårbar rute: Store mengdar (rå-)varer kjem sjøvegen til Noreg. Korleis sikrar me trygg tilgang til innsatsfaktorane som også matproduksjonen i Rogaland er avhengig av, i ei skumlare verd? Foto: Illustrasjon, Istock / AscentXmedia

ATTLEGG:

Er rogalandsbonden rusta?

22. august 2025 | Aktuelt

Ei uroleg verd utfordrar også matfylket Rogaland. Landbruksparken inviterer til konferanse med tema “Mat til alle i ei uroleg verd”.

Bothild Å. Nordsletten

Lurar du på korleis Noreg skal sikra forsyningslinjene og råvaretilgangen til jordbruksnæringa i desse urolege tidene? Grublar du på korleis me kan gjera oss mindre avhengige av kritiske råvarer frå utlandet? I så fall kan Rogaland landbrukspark sin haustkonferanse på Tysværtunet 1. september vera ein stad å ta turen. Skipinga tar føre seg Rogaland si rolle som matprodusent i ei stadig meir uroleg verd, og kanskje får du nokre svar. Konferansen byr på ekspert-innlegg, mellom anna frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), politisk debatt, samt innspel frå det finske bondelaget om korleis dei har arbeidd for å sikra forsyningslinjene for mat.

Bjørn Halvor Åsland er distriktssjef i TINE Rådgiving Vestland sør, og styreleiar i Rogaland Landbrukspark. Han seier at dørene er opne for alle interesserte.

– Me vil treffa landbruket, men også dei landbruket er til for. Me ønskjer å setja næringa vår i kontekst av den aktuelle verdssituasjonen kva gjeld mat, sjølvforsyning og beredskap, og minna om kor viktig det er at me sikrar føresetnadane for framtidig matproduksjon.

Åsland har trua på at Rogaland vil halda fram med å vera «Matfylket», men understreker at det ikkje skjer av seg sjølv.

Bjørn Halvor Åsland. Foto: TINE

Bjørn Halvor Åsland. Foto: TINE

– Eg meiner landbruket her kan og vil løysa oppgåva det er å produsera maten. Me har føresetnadane og me er klare for dei store omstillingane som kjem. Samstundes driv me eit landbruk som er betinga av at samfunnet og politikken vil matproduksjon, og av at støtteordningane våre er der. Også dette ønskjer me å kasta lys over med denne konferansen.

Rogaland Landbrukspark består av 12 landbruksverksemder i fylket, mellom anna FKRA, Nibio Særheim, Rogaland Bondelag, Vinterlandbruksskulen på Jæren og i Ryfylke, Øksnevad vgs. og NRL.