Djupe spor: Mangne I. Undheim går ut frå at det er ungdommar som har leika seg med store køyretøy på enga hans. Nå ber han foreldre eller andre som eig traktorane om å ta ein alvorsprat med sjåførane før dei legg ut på landevegen.

Laurdag morgon for eit par veker sidan vakna Magne I. Undheim opp til eit syn på eine kjelva han svært gjerne ville vore forutan. Djupe, svarte spor avslørte at to store traktorar hadde teke kvar sin piruett ute på jordet hans.

Sjur Håland

Undheim er bonde på Kartevoll i Time. Den trafikkerte Buevegen, som knyter Jæren til E39, skjerer gjennom eigedommen hans.

– På fredagskvelden høyrde eg frå stova fleire traktorar som fôr forbi på vegen. Det kan ha vore så mange som sju åtte stykk, meiner han.

Det var først då det vart lyst han såg kva som hadde skjedd. Undheim understrekar at han ikkje har noko i mot at ungdommar køyrer traktor. Men når køyringa resulterer i herverk av denne typen, reagerer han på sin eigen sindige måte.

– Eg har lyst til å formidla at eigarane av traktorane tek seg tid til å gi beskjed til sine håpefulle at slik åtferd ikkje er akseptabel, seier han.

Litt lenger vest, syner traktorspor utanfor vegkanten at den eine traktoren var svært nær ein bratt skråning.

– Her kunne i verste fall traktoren velta. Han hadde i alle fall ikkje kome opp for eigen maskin, seier Undheim.

Eine traktoren har sett spor i enga med vanleg dekkmønster, medan den andre kan sjå ut til å ha vore utstyrt med industrihjul. Undheim reknar med at det er ungdommar som har vore ute og leika seg.

– Det er nok med dei spora eg lagar med eigen traktor dei gongene eg må utpå under ulaglege forhold. Dette treng eg ikkje i tillegg, seier han.

Dei vassfylte spora ligg godt synleg på den grøne enga for vegfarande langs Buevegen. Undheim ventar ikkje til våren med å reparere såra.

– Nei, eg må leggja fin sand i spora og prøva å lappa så godt eg kan. Det kan ikkje ligge slik, seier han.

Stikkord denne saka: