Glad konfirmant: Steinar Austdal vart veldig glad for gåva frå foreldra, og takksam for at dyrebilsjåfør Przemek Bolesta stilte opp for å øverraske han på den store dagen.

På kyrkjebakken venta ei heilt spesiell overrasking for konfirmant og odelsgut Steinar Austdal.

Jane Brit Sande

– Steinar har planar om å kjøpe ei ku sjølv, men det er meir stas å gi han ei ku med kalv i gåve på konfirmasjonsdagen, seier Arne Austdal, far til ungguten, som er på veg ut av Bjerkreim kyrkje.

I det stille, saman med både dyrebilsjåfør Przemek Bolesta og Torill Undheim i livdyrformidlinga i Nortura, har Arne Austdal lagt planar for den store dagen.

Litt ekstra utføre kyrkja

Etter at gudstenesta er over, stiller konfirmantane seg pynteleg opp til fotografering. Nokre av dei får med seg at det skjer noko bak dei.

– Bolesta er her, kommenterer ein av dei. Dyrebilsjåføren er kjent også blant neste generasjon bønder i Bjerkreim.

Og så, inn i folkemengda kjem Bolesta med ein kalv, og roper på Steinar.

– Steinar, eg har ei gåve til deg! Konfirmanten, noko tvilande til at han faktisk får ein kalv i gåve, finn vegen gjennom folkemengda.

Uventa, og skikkeleg stas

Konfirmanten sjølv er noko sjokka etter overrekkinga.

– Eg vart skikkeleg overraska. Eg hadde inga aning om at eg kome til å få ei så flott gåve, seier Steinar.

– Og det var kjempegildt at Bolesta stilte opp på denne måten.

Endeleg vaksen, med eigne dyr: Konfirmant og odelsgut Steinar Austdal fekk på søndag endeleg tre inn i dei vaksnes rekker. På kyrkjebakken venta ei heilt spesiell gåve. Av foreldra fekk den ungen bonden ei ku med kalv, her overrekt av dyrebilsjåfør Przemek Bolesta.

Vil ha eigen flokk

Steinar og faren har prata om kva rase dei vil satse på, når også kjøtfe skal få plass i det nye fjøset, som ligg rett bak kyrkja. Far, Arne har sytt for at seks nye dyr, 75 og 88 prosent charolais, er komne til gards.

– Ja, me vil satse på charolais, stadfestar Steinar.

– Det er skikkeleg fine dyr, og ei god investering, seier konfirmanten. Eg ønsker meg ein heil flokk!

Staseleg: Przemek Bolesta brukte morgontimane på å vaske og pynte bilen. Dotter hans, Maia Marie Bolesta, fekk vere med på jobb denne spesielle dagen. – Det var kjempegildt at Bolesta stilte opp på denne måten, seier Steinar.

Eigen kalv: Steinar fekk ein god start på draumen; ein eigen flokk med kjøtfe.

Kake med stil: Familien Austdal har ein grøn Valtra Valmet i gardstunet, og for anledninga også ein på kakefatet. – Kaka er laga av ein god nabo, fortel Gro Marie Austdal, mor til konfirmanten.