Fem kyr med over 100 tonn mjølk<br />

Foto: Harald Kolstad. 

Fem kyr med over 100 tonn mjølk

24. oktober 2026 | Aktuelt

Fem kyr i fjøset har passert 100 tonn energikorrigert mjølk (EKM). Tre av dei er Holstein og to Brown Swiss, fortel Harald Kolstad frå Manger i Alver kommune.

Holstein-kyrne når gjerne 100 tonn i sjuande laktasjon, medan dei brune når målet i sjuande eller åttande laktasjon. Den kvite kua i midten er avsina og ventar sin åttande kalv. Ho har produsert rundt 125 tonn EKM til no!

Garden har om lag 35 årskyr med eit snitt på vel 13.000 kg EKM. På biletet er eigarane Øystein Hafnor Kolstad og Miriam Stuksrud Gundersen. Dei hadde eigentleg seks kyr over 100 tonn, men ei vart slakta i vår som ledd i kvotetilpassing.

ANNONSE