Oppdrift i Eiken: Framme f.v.: Musikar Eric Slim Zahl, artist Leif Arild Steen, Thorvald Handeland. Bak f.v.: Tore Forgard, Børge Helliesen, , Odd Arild Eikeland, Helge Verdal og Ivar Eikeland. Foto: Privat

Oppdrift i Eiken: Framme f.v.: Musikar Eric Slim Zahl, artist Leif Arild Steen, Thorvald Handeland. Bak f.v.: Tore Forgard, Børge Helliesen, Odd Arild Eikeland, Helge Verdal og Ivar Eikeland. Foto: Privat

Fest for fellesskap

9. juni 2024 | Aktuelt

Dei kallar seg Bondeoptimistane og fredag samla dei 100 bønder til alt anna enn politikk og fag i Eiken.

Bothild Å. Nordsletten

For tredje året på rad er det full klaff for den sjølverklærte bondeoptimisten Thorvald Handeland. Fredag samla han og gode medarrangørar 100 bønder til latter, mat og musikk i Eiken. Deltakarane var frå to månadar til 80 år. Målet med ein slik kveld?

– Å få vridd litt på hovuda til folk, seier Handeland til Bondevennen.

– Å vera saman, bli muntre og glade. Å innsjå at me eigentleg har det godt.

«Me har alle dårleg tid. Men me må ta oss tid.​.»

Thorvald Handeland, bonde og primus motor

Ikkje stress

Dette var tredje gongen Handeland arrangerer ein slik kveld «heilt fri for plansjar». Etter kvart har dei blitt ei gruppe frivillige bønder frå kommunane Hægebostad, Lyngdal, Lindesnes og Åseral som bidreg. Dei kallar seg Bondeoptimistane. Og så langt har dei lukkast med å sikra støtte til kveldane frå fleire kommunar, samvirka og andre jordbruksrelaterte bedrifter. Maten, drikka, musikken – alt er gratis for bøndene som ønskjer – og kanskje treng – sosialt påfyll i ein travel kvardag.

– Me har alle dårleg tid. Men me må ta oss tid. Ikkje stressa, seier Handeland, og forklarar kvifor samver må prioriterast.

– Dette er viktige kveldar for å skapa nye venskap og oppmuntra kvarandre. Denne gongen var det kanskje 15 eg ikkje har sett før som kom. Sei at kanskje to av dei er einsame. Dei kan knyta nye band og venskap på ein slik kveld.

Ifølgje Handeland er bondemiljøet i indre Agder godt, men det også her merkast det, når bøndene har blitt færre og kvar har meir dei skal rekke over. Handeland gler seg over at mange av deltakarane fredag var av den yngre garde. Og etter ein turbulent jordbrukspolitisk vår meiner han det er grunn til å sjå lysare på framtida.

– Det er meir merksemd om oss bønder, me opplever meir støtte. Jordbruksoppgjeret førte for eksempel til meir avløysarpengar. Eg trur det er lettare å vera bonde nå, enn for tre år sidan. Så er eg optimist òg, då…