
Hyllest til heiaføring: Ei stornøgd Anne Skartveit (t.v.), leiar for Fjellam frå Ryfylke, flankert av andre medlemmar av samvirket, samt Landbruks- og matminister Geir Pollestad og direktør i Stiftinga Norsk Mat, Nina Sundquist (t.h.).
Fjellam frå Ryfylke blir beskytta nemning
Fjellam frå Ryfylke er det første produktet i Rogaland som får det eksklusive kvalitetsstempelet Geografisk beskytta nemning.
Bothild Å. Nordsletten
– Mange har jobba så hardt for dette så lenge, så dette er berre kjempestort!
Midt i viraken under Gladmatfestivalen i Stavanger er Anne Skartveit, leiar for Fjellam frå Ryfylke, jublande glad.
Stiftinga Norsk Mat har nettopp kunngjort høgt og høgtideleg at det vesle samvirket med det heiaførte produktet møter dei strenge kriteria til merket Geografisk beskytta nemning.
Skartveit deler æra med 22 andre sauebønder frå Røldal i nord til Sirdal i sør.
Fjellam frå Ryfylke er berre det 27. norske produktet som har fått stempelet – og det aller første i Rogaland.
– Ekstra stas at dette då skjer her, midt under Gladmaten i matfylket Rogaland, seier Skartveit.
«Nå har Fjellam frå Ryfylke kome dit me vil vera.»
Anne Skartveit, leiar for Fjellam frå Ryfylke
Verdt å venta på
Ryfylke-bøndene starta samvirket i 2017 og søkte om den gjeve tittelen alt hausten 2021. Det vart ein omfattande prosess,
– Ei spanande reise, kan du seia, seier Skartveit.
Ho fortel om mykje opp og ned, og om mykje dokumentasjon.
– Men me har klart oss godt. Og nå har Fjellam frå Ryfylke kome dit me vil vera. Me er veldig glade for kva me har fått til.
Høgt til heis
Snart vankar det feiring «med noko godt lammekjøt» på medlemmane – men først må Skartveit sin eigen smale til heis. Grunna mykje sein snø i heia, skal ho føra opp dyra først komande helg. Slik faren hennar har gjort før henne, og hans far før det igjen.
– Eg tar dei opp til 700 meters høgd over havet, så vandrar dei etter det friske graset som dukkar opp ettersom snøen smeltar, heilt til 1500 meter. Eg kunne ikkje driva med sau utan heia, seier Skartveit.
Og dette med høgdemeter over havet er ikkje uviktig. Kriteria for å vera med i Fjellam frå Ryfylke er fleire, ikkje berre at lamma må til heis.
Der oppe må dei òg beita i minst 500 meters høgd. Merkevaren skal også i utgangspunktet garantera for sluttfôring utan kraftfôr, men dette har ein lempa så vidt på etter år med skrinnare beite.
– Så, smakar dei då verkeleg annleis etterpå, då?
Skartveit ler.
– Eg synast jo det! Og eg trur det. Dei som har greie på det, vil merka skilnad på kjøtet som har vore til fjells, ja.

Høgt og eksklusivt: Lamma som skal seljast som merkevaren Fjellam frå Ryfylke må ha vore til heis og minst 500 meter over havet. Foto: Fjellam frå Ryfylke
Viktig tradisjon
Men ei slik eksklusive nemning – kva betyr den eigentleg for sauebøndene i Ryfylke?
Ganske mykje, ifølgje Skartveit.
– Dette er eit stempel som viser at produktet vårt er unikt, berekraftig og viktig, seier ho.
– Det handlar om å halda i hevd tradisjonane våre med heiaføring. Og om god dyrevelferd. Sauene våre får boltra seg på 3000 mål utan gjødsling, makking eller kraftfôr. Det er jo slik sauen skal leva!
– Og forbrukarane, korleis kan ei slik utnemning virka inn på marknaden?
– Eg håpar dei bryr seg, at dei ser arbeidet bak produktet. Og så trur eg mange er medvitne om verdien av å kjøpa norske og berekraftige produkt som fremjar god dyrevelferd.
«Eg kunne ikkje driva med sau utan heia.»
Anne Skartveit, leiar for Fjellam frå Ryfylke
Treng fleire lam
Skartveit stadfestar at dei kjem til å bruka nemninga og blesten i marknadsføringa heretter. Og ikkje berre overfor ‘’byas’ane’.
– Me håpar på blest òg blant bøndene, slik at fleire vil med vera med.
For Fjellam frå Ryfylke treng nemleg fleire lam. Målet er ti tusen. I fjor sendte dei 3500 til slakt.
– Så er du sauebonde med dyr i heiene våre (sjå kartet) er det berre å bli med, oppmodar Skartveit.
Ho veit at lite kjem heilt av seg sjølv:
– Ja, heiaføring er ekstra arbeid – du må opp med dyra, på tilsyn og få dei ned att i september. Då har også prisløypa gått ned, og ein får dårlegare pris enn i august. Men med Fjellam får me betre pris, seier Skartveit.
Ho viser til avtalen dei har med Prima , som kjøper lamma og som betalar Fjellam-tillegg mot at dei får råvara eksklusivt. Prima brands har ikkje eige slakteri, så dei slaktar alt hjå Nortura-eigde Prima Slakt. Alt kjøtet blir så selt vidare til slakteribedrifta Idsøe
– Utmarkstillegget har òg auka, så me er på rett veg, seier ho.
Les meir her: Fjellam frå Ryfylke
Om Norsk Mat og kriteria for å søka ulike nemningar: Forside – Stiftelsen (stiftelsennorskmat.no)
Foto: Fjellam frå Ryfylke
