Seriøs og løyen: Torulv Time gjestar podcasten denne veka og deler både seriøse og mindre seriøse sider ved bondelivet.  Foto: Jofrid Åsland Gilje

Seriøs og løyen: Torulv Time gjestar podcasten denne veka og deler både seriøse og mindre seriøse sider ved bondelivet. Foto: Jofrid Åsland Gilje

PODCAST:

Frå fjøs til scene og tilbake

6. november 2026 | Aktuelt, Podcast

Møt Torulv Time. Gardslivet hans er fullt av folk og krydra med humor.

Jofrid Åsland Gilje

Mange kjenner han godt som leiar av Time Bondelag. Bonden driv gard på Jæren saman med familien. Her driv dei med både sau, mjølk og egg. Rundt middagsbordet har dei alltid plass til fleire. Fellesskap med andre bønder betyr mykje for denne bonden. Han har bygd to fjøs, og deler raust av erfaringane sine frå livet som bonde. Som han sjølv seier:

ANNONSE

– Det skjer som regel noko klatt.

Då kan det vere ei gåve å sjå det humoristiske i det som skjer. Torulv trivst nemleg også godt på scena. Der har han drive med både revy og imitasjon. I denne episoden høyrer du han i samtale med Jofrid Åsland Gilje. Med Bondevennen på øyra får du både alvor, praktiske råd til gardslivet og ein dose humor.

Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet.

Du finn podcasten Bondevennen, inklu­dert det store arkivet med tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.

Bondevennen nr 19
kjem i postkassane og
er tilgjengeleg elektronisk
fredag 6. november.

Få Bondevennen på øyra!
Bondevennen er på lufta med ein podcast som det luktar fjøs av!

Kusignal
Bondevennen har samla den populære serien vår om kusignal i eit eige hefte.