Kollegaer frå sør til nord: Elevar og bønder frå Jæren og Dalane møtte bønder i Aust-Finnmark, og fekk høyre om korleis kvardagen er som bonde i Nord. Her frå besøket hjå Fávlemohkki samdrift i Tana.
Frå Jæren til Finnmark
Skuleturen for elevane ved Vinterlandbruksskulen på Jæren gjekk i år til Finnmark, til Tana og Pasvik. For dei 21 elevane frå Jæren og Dalane, var det mange inntrykk å fordøye.
Liv Kristin Sola
– Den store skilnaden frå heime er dei store klimatiske skilnadane, seier Line Elizabeth Mydland.
– Når me snakkar om tre til fire slåttar, så snakkar dei om éin til to slåttar. Slik har eg aldri tenkt før.
– Og dei lange avstandane. Her heime er det meste i grei avstand, medan dei må køyre milevis i Finnmark, seier Line.
«Eg sende melding heim til mannen min og spurte om han var interessert i å drive gard i Pasvikdalen. Han er med.»
Silje Vold
Etter å ha snakka med bønder i nord, er ho enda meir medviten om kor viktig det er å oppretthalde eit aktivt landbruk i nord. Sjølv om det kostar samfunnet ekstra.
– Difor var det trist å høyre at dei slit med rekrutteringa. Eg håpar det vil snu. Det treng dei. Me treng det. Me treng at det er bønder og beitedyr i nord, ikkje minst for beredskap, seier ho.
– Kunne du tenke deg å drive gard i Finnmark?
– Ja, faktisk. Eg likte meg skikkeleg godt. Eg likte at det var så aude. Og så likte eg godt folka. Eg er imponert over kor gjestfrie dei var, og pågangsmotet dei hadde, seier Line.
Imponerte: Line Elizabeth Mydland og Silje Vold fekk perspektiv på si eiga drift i Sør-Noreg då dei reiste til kollegaer i nord.
Ny bonde i Finnmark?
Også Silje Vold var overraska over kor stor skilnad det er å drive gard i nord og i sør.
– Me bur i same landet, men så er det så store kontrastar. Ikkje minst at me i sør strekk oss mot fire slåttar. I Finnmark håpar dei på to. Det er enorme avstandar, mellom bønder, til meieriet, slakteriet, og alt dei treng av service – og avløysing. Og dei har berre to produksjonar; sau eller storfe. Dei kunne vald å gjere som mange andre – lagt ned.
Silje er imponert over korleis bøndene i nord står i det, og trass alt er optimistar. Ho innrømmer at det kunne vore ei god utfordring å prøve seg som bonde i nord.
– Eg sende melding heim til mannen min og spurte om han var interessert i å drive gard i Pasvikdalen. Han er med …, seier ho.
Mektig imponert!
Håkon Skjærpe er spesielt imponert over korleis finnmarksbøndene satsar, trass i mykje motgang. Turen har fått han til å tenka over korleis ting han som bonde sørpå tek for gitt, ikkje er sjølvsagt i nord.
– Kadaverhenting finst ikkje. Visse byggetenestar finst ikkje. Verkstadar blir lagt ned, og dei må skru sjølve. Det imponerer meg, seier han.
«Eg skulle klart meg utan naboar, men eg kan ikkje vere min eigen mekanikar.»
Håkon Skjærpe
Håkon innrømmer at han har vore inne på tanken om å drive gard i nord. Det har han heilt slått frå seg no.
– Eg skulle klart meg utan naboar, men eg kan ikkje vere min eigen mekanikar, seier han.
Han merka seg at dei hadde større maskinpark og fleire traktorar på kvart gardsbruk i nord.
– Kanskje er det slik dei løyser det. At dei må ha backup med maskinar om noko går sundt i slåtten.
Håkon Skjærpe, bonde frå Lund i Rogaland – og snart agronom frå Vinterlandbruksskulen på Jæren.
– Og dei me var hjå som hadde bygd sitt eige fjøs, (sjå eigen sak). Eg er tømrar sjølv, men den oppgåva hadde eg aldri gått laust på. Det er ikkje som å bygge eit hus. Det er heilt sjukt stort prosjekt, seier han, og viser til bøndene Agnete Hansen og Henry Ole Larsen i Pasvik.
– I tillegg drifta dei garden gjennom fleire år med bygging. Og dei var berre to, seier Håkon.
Bonden frå Ualand i Lund meiner òg at landbruket i nord er viktig for oppretthalde matproduksjonen og areal i drift. Ikkje minst med tanke på sjukdom eller andre ting som kan sette matproduksjonen ut or spel i meir produktive delar av landet.
– Me har ikkje meir dyrka jord her til lands enn at me må klare å halde alt i drift, seier Håkon.
Les òg artikkelen:
