HØYR!

Gi fri tilgang til mjølk!

11. september 2020

– Gi kalven så mykje mjølk dei klarer å drikke, det får du att i bøtter og spann, oppmodar mjølkebonde Silje Åsnes Skarstein i Olden i Nordfjord.  

Liv Kristin Sola

Då Silje Åsnes Skarstein og mannen overtok, fekk kalvane 3×2 liter mjølk om dagen. Ikkje så verst, men det kan bli betre, meinte Silje, og starta med appetittfôring av mjølk. Ho har aldri angra.

– Fri tilgang gir høg tilvekst og eit sterkt immunforsvar. Mette og nøgde kalvar står ikkje og ropar på mjølk og syg heller ikkje på alt mogleg. Opne opp bingane. La dei få springe og hoppe litt, seier bonden.

Ho er oppgitt over at det framleis er bønder som argumenterer for å gi to liter per mål.

– Kalvar som får lite mjølk er mindre motstandsdyktige mot sjukdommar. Med fri tilgang er dei friske og robuste. Me sparar arbeid og veterinærutgifter, seier Silje.

Ho gir seks liter råmjølk timane etter kalving. Så er det rett på appetitt, frå mjølkebar, to gonger per dag.

– Når dei får drikke så mykje dei vil, er dei ikkje interessert i eit ekstra måltid midt på dagen. Rekorden er ni liter på eit måltid. Kalven klarte mest ikkje puste, han var så mett. Men var klar for meir mjølk neste fôring, seier Silje.

Ho starta med surmjølk, men somme kalvar brukte lang tid på tilvenning. No får dei heilmjølk. Etter nokre døgn i enkeltboksar går kalvane over i større grupper og får mjølk frå automat. Silje fekk kjøpt ein brukt mjølketank som rører og kjøler ned kalvemjølka. Automaten varmar opp mjølka før kalven får drikke.

– Kalvane kan drikke fire liter kvart måltid. Seks timar seinare får dei ein ny porsjon. Totalt kan dei drikke tolv liter i døgnet, men det er det svært få som gjer. I snitt drikk dei rundt ni liter, seier bonden.

Etter fem veker er dei fleste kalvane godt i gang med kraftfôr og drøvtygging, då trappar ho raskt ned mot avvenning på seks veker.

Kalven døyr ikkje av mykje mjølk – dei blir sjuke av for lite mjølk.
Silje Åsnes Skarstein

 Sparar kraftfôr med mykje mjølk

– Tine må slutte å snakke om ei øvre grense for kor mykje kalven skal drikke. Å snakke om fôring i prosent av kroppsvekt gir ingen meining. Kvifor skal det vere avgrensingar? Kalven døyr ikkje av mykje mjølk – dei blir sjuke av for lite mjølk. Det er sanninga, seier Silje.

Ho meiner dagens regelverk skulle vore revidert og gjort tydelegare både på oppstalling og fôring av kalv.

– Me har rundt åtti kalvingar i året og bruker alvorleg mykje mjølk, men ser me får det att i andre enden. Slaktevekta på oksane har auka sjølv om me har kutta ned på kraftfôret til dei eldste oksane med to kilo. Dei første kvigene er i laktasjon og EKM ser svært bra ut, seier Silje.

– Kalvane har sjølvsagt tilgang til reint og lunka vatn, kraftfôr og silo av topp kvalitet. Eg er nøye med reinhald og skiftar smokk ofte. Kalvane skal drikke av smokk. Punktum. Det strir mot naturen å drikke av skål, og dei får ikkje dekka sugebehovet i det heile tatt.