
Bildetekst
ATTLEGG:
Gir råd om myrjordstell
Det er fem år sidan det var lov å dyrka myr her i landet. NIBIO har råd om korleis ein best steller myrjord som allereie er dyrka.
Sjur Håland
Å vedlikehalda dreneringa i myrjord med ulik grad av omdanning av dei gamle planterestane er krevjande. Jordene sig og jorda tettar seg til. Gamle grøfter sluttar å fungere, noko som går ut over både planteveksten og jorda si bereevne.
Omgraving kan dermed vera aktuelt. Det betyr at ein legg mineraljorda under torva oppå torvlaget. I NIBIO sin artikkel blir det hevda at omgraving er mest aktuelt der torva er mindre enn 1,5 meter djup. Denne metoden gjer jorda meir beresterk, og kan også redusera utsleppet av klimagassar.
Kjelde: NIBIO